Kvalitetsturisme

Det kunne vore særs oppklarande om reiselivet i Jostedalen/Luster ville presisera korleis dei stiller seg til uttrykket “kvalitetsturisme” (NINA, Vestlandsforskning…)

I tillegg hadde det vore greitt om Luster kommune har rutinar på dette, eg tenkjer spesielt på Næringskontoret og Landbrukskontoret (kultur og fritid… ?).

15 kommentarar to “Kvalitetsturisme”

  1. eies Says:

    – og eit argument for å seia nei til dette begrepet, er sjølvsagt at det er noko EU har funne på 🙂 For å unngå misforståelsar: Dette var ein fleip!

    Så kjem noko som eg meiner seriøst: Det kan verka som om sentrale aktørar innan reiselivsnæringa tviheld på det som eg vel å kalla “profittbasert reiseliv”. Eg håpar indarleg at eg tek feil!

    Eg håpar også at turistnæringa etter kvart vil forstå kva som ligg i “kvalitetsturisme”.

  2. PK Says:

    No har du trua meg til å lese endelause forteljingar om reinsdyr, so difor
    føresler eg at du les denne:
    http://www.vestforsk.no/www/download.do?id=558

    Reiselivsnæringa er diverre ikkje prega av profitt. Tvert imot er det svært vanskeleg for dei aller fleste verksemder å få drifta i balanse, og endå vanskelegare å tene nok til naudsynte investeringar og oppgraderingar.
    Reiselivsnæringa er arbeidsintensiv, det vil seie at arbeidsløner er ein vesentleg del av kostnadssida. Eg unner folk alt dei kan tene, ikkje misforstå meg, men landet vårt har eit lønsnivå som ikkje favoriserer dei arbeidsintensive næringane.

    Kven er det du siktar til når du peikar på sentrale aktørar innan reiselivsnæringa som tviheld på profittbasert reiseliv? Du trur vel ikkje at det er muleg å levere det du legg i omgrepet kvalitetsturisme utan å tene pengar?
    Dersom du vil drive næringsverksemd med økonomsk tap, er du hjarteleg velkommen. Det kan vere moro ei stund, men det er ikkje noko å satse på over lang tid.

    Den internasjonalt mest brukte definisjonen på kvalitetsturisme er truleg National Geographic Society sin mykje omtala geoturisme.
    Du kan lese om det her:
    http://www.nationalgeographic.com/travel/sustainable/about_geotourism.html
    Eg trur at dei fleste besøkande i Jostedalen tykkjer at bygdi kjem rimeleg godt ut av ein test opp mot NGS sine kriteriar.

    No kan eg ikkje skrive meir, for eg skal tidleg opp på tur til Kristiansand for å lokke fleire utlendingar til Jostedalen. Dersom det er gale, får du seie frå, so skal eg aldri gjere det meir. Men førebels gjer eg det med godt samvit.

  3. eies Says:

    Flott at du er med att, PK!🙂

    Mi naive forklaring er slik:
    1. Profittbasert turisme: Målet er å tena pengar – turistane er eit middel for å klara det.
    2. Kvalitetsturisme – målet er å møta turistane med kvalitet – økonomien er eitt av midla

    Det kan verka som om “kvalitetsturisme”, “økoturisme” og “berekraftig turisme” er plagsame uttrykk å vri seg unna for deler av turistnæringa i Luster. Eg håpar eg tek feil!

    Tiime vill sjåvv! – som det vart sagt i Flåklypa-filmen.

  4. PK Says:

    Forteneste på næringsverksemd, det å tene pengar, er ein føresetnad. Det har ikkje noko med målsetjing å gjere. Anten tenar du pengar, eller so driv du med noko anna, dersom du då ikkje har andre inntektskjelder og driv næring berre for moro. Kvar skal elles pengane til lønningar komme frå?

    Kvalitetsturisme, om du absolutt vil bruke det uttrykket, ser ut til å vere ein måte å skilje ein type turisme ut frå den simple hopen. Det kan godt hende det er muleg, og det kan godt hende det er ein fruktbar veg å gå.

    Du må ta innover deg at dei store syndene i høve til berekraft skjer på veg til og frå reisemålet, med fly, bil, båt etc. Det er den store utfordringa reiselivsnæringa og alle andre næringar vil få i åra framover. Truleg vil tiltak mot klimagassar føre til at me alle må reise mykje mindre enn i dag. Og null turistar er sjølsagt den ypperste form for kvalitetsturisme.

    Eg kan framleis ikkje prate på vegne av reiselivsnæringa i Luster. Det kunne vore moro å ha slik makt, men diverre har eg ikkje det.
    Eg får vere nøgd med å representere meg sjøl. Og når eg ser på reiselivsnæringa i Luster, kan eg ikkje skjønne at nokon av uttrykka dine er plagsame. Heller ikkje ser eg at nokon vrir seg unna.

    Og dersom du tok deg tid til å lese om geoturisme hos NGS, kan du då svare meg på eit enkelt spørsmål: Tykkjer du at Jostedalen er so fjernt frå å oppfylle dei fleste kriteria for reisemål?

  5. Oddmund Says:

    Det er visst eg som må ta ansvaret for at ‘kvalitetsturisme’-omgrepet vart kasta inn i den store breheimendebatten. Ikkje at eg har lese meir av dei skriftene eg viste til, men eg vil no tru at særleg Jostedalen, men òg heile Luster (ja sikkert alle nordside-kommunane) kjem veldig bra ut av alle kvalitetsturisme-definisjonar. Idéen om kvalitetsturisme er vel ikkje laga for å ta livet av nokre bussar fram til Nigardsbrevatnet eller nokre hundre tusen bilar årleg over sognafjellet, men dei enorme turistmaskinene som me særleg ser i utlandet, ikkje minst den kjende plassen “syden”.
    I Luster er det vel eigenleg berre to spørsmål som kjem borti desse problemstillingane: støyande helikopterturisme, som me så langt berre har sett lite til her, og den komande cruiseturismen i Sogndal/Skjolden. Helikopter har det vore mykje bråk om, men det har ikkje vore mykje å sjå til eit meir prinsipielt ordskifte om cruiseturismen er den rette vegen å gå for reiselivet her.

  6. eies Says:

    eies uttaler, lett ironisk: Her er det truleg litt forrvirring kring sjangrane. Viss du PK har lese endelause FORTELJINGAR om reindyr, så har du nok bomma litt. Prøver å få elevane til å forstå skilnaden på “skjønnlitteratur” og “faglitteratur”. Dei fleste skjønar det nokså snøgt.

    Forteljingane om Ante, Same-Jakki og reinsdyret Rudolf er ikkje relevante i denne samanhengen. Kan det vera den 10 år gamle litteraturlista frå NK som har forvirra deg? (Eg reknar med at det var ei privat liste. Arbeidsgivaren til NK kan umuleg ha ei så utdatert liste liggjande.) Eit godt råd: Gløym den lista!

    Og viss eies har trua nokon (som Valla…?), så vonar eg at han tek sjølvkritikk, som det heitte.

  7. eies Says:

    Pk: Unnskyld. Men kva er det du har lese? Håpar du har lese NINA 27. Viss ikkje du har lese den, så bør i alle fall dagleg leiar ved Breheimsenteret gjera det. I alle fall viss Breheimsenteret seriøst ynskjer å framstå som eit fagsenter/ kompetansesenter for verneområdet Breheimen. Men kanskje styret har andre planar?

    Ein annan måte kunne sjølvsagt vera ei delt løysing der Breheimssenteret hadde kompetanse på det som hadde med breen å gjera, og at “nokon innaføre” hadde kompetanse på Breheimen/Mørkridsdalen.

    Personleg vil eg inntil vidare støtta ei samla løysing kring Breheimsenteret.

  8. PK Says:

    Du avsporar din eigen debatt, eies. Eg trudde i vanleg einfald at det var kvaltetsturisme du ville prate om, og ikkje lesevanane mine. Eg prøvde å svare deg seriøst, men det har du ikkje lagt merke til.
    Kan du ikkje finne ein annan å diskutere med, i alle fall til eg kjem heim att? Trådlaust internet kostar 60 kroner halvtimen her, og no ser du kva eg prioriterer. Eg har ikkje råd til dette.

  9. eies Says:

    – og PK har ikkje/vil ikkje forstå at implisitt i det eg skriv ligg “kvalitetsturisme” heilt sentralt.

    Ei tilståing: “Profittbasert turisme” er eit uttrykk som eg , heilt og fullt må ta skulda/æra for.😦 Eg gjorde det for å spissformulera og dra i gang ein diskusjon. Og jamen lukkast det. “Til de grader!”.

    I staden for “profittbasert” kunne det kanskje heller stått “profittfokusert” – men det enklaste og beste er kanskje: masseturisme.

    Eg ser for meg kvalitetsturisme som ein “sekk” der både “økoturisme”, og “geoturisme” kan gå oppi – og kanskje fleire -turismar? Turisme som fag har eg lite greie på, så her lyt de hjelpa meg, gutar. Desse uttrykka kan nok raskt bli både moteord og klisjear, men inntil vidare tykkjer eg det går greitt. (Du PK, kva betyr det at geoturisme “ØKER et steds geografiske særegenhet – dets natur, kultur, skjønnhet, arv og beboernes trivsel” – blir det liksom MEIR natur, kultur osb…?)

    Kvalitetsturisme er for meg “å ta naturvern på alvor”. Og det får i neste omgang betydning for standpunktet du tek i utbyggingssaker. Avspora eg…

    Eg registrerer at du påstår at du prøver å svara seriøst. Men eg vil også minna deg på at det var du sjølv som drog lesevanane dine, og det du påstår var truslar frå mi side – inn i debatten!

  10. Oddmund Says:

    Synd om det skal bli pause no av noko så trivielt som pengemangel i Kristiansand. Eg riv i ein trådlaushalvtime på PK og oppmodar andre om å gjere det same.

  11. eies Says:

    OK!🙂

  12. PK Says:

    Det går bra, eg betalar sjøl so lenge. Men hjarteleg takk for all omtanke! Det er likevel verd nokre kroner å få vere del i denne bloggen. Ser forresten at andre bloggarar tykkjer me er litt høgt gira her inne. Det tykkjer ikkje eg, berre so det er sagt.
    Eg tykkjer derimot at du eies er litt opphengd i eigne tankar. Det er sjølsagt fine tankar å vere opphengd i, men gje deg sjølv nokre minuttar til å lese t.d. det som han Oddmund skriv oppi her. Det er ikkje sikkert at alt er so gale som du vil ha det til, og det er ikkje sikkert at reiselivsnæringa i Luster er hovudfienden din. Du er so negativ og aggressiv at eg har problem med å ta deg alvorleg. Ser du ingenting positivt hos reiselivsvenene dine?
    Trass alt trur eg du skal leite i sju lange og sju breie før du fin reisemål som er mindre infisert av masseturisme enn Jostedalen. Det som pregar det jostedalske reiselivet er fråveret av turistar meir enn masseturisme.
    Sjå på Nærøyfjorden og Geiranger, symbol på dei vestnorske fjordane som nyss vart utpeika som World Heritage Site. Det som føregår der i sommarmånadane kallar eg masseturisme. Sjå heile lista her:
    http://whc.unesco.org/en/list

    Greit at ut vil provosere, det er både lovleg og moro iblant. Men du må ikkje bli overraska når nokon tek deg på alvor. Trass alt krev du å bli teken svært alvorleg når det gjeld hovudtemaet i bloggen din.

  13. eies Says:

    PK:
    1. Du gir personkarakteristikkar: Eg er opphengd i eigne tankar; Eg er negativ; Eg er agressiv; Eg vil provosera;
    2. Du karakteriserer tankane mine: Dei er fine; Det er ikkje sikkert alt er so gale som eg vil ha det til; Det er ikkje sikkert at reiselivsnæringa i Luster er hovudfienden min; Eg tykkjer det er moro å provosera (- her kan det henda eg misforstår deg?)
    3. Du gir gode råd: Eg må gi meg sjølv nokre minuttar til å lesa det han Oddmund skriv; Eg må ikkje bli overraska når nokon tek meg på alvor

    Du har problem med å ta meg alvorleg (Men prøv då…!)

    Du stiller spørsmål om eg ikkje ser noko positivt hjå reiselivsvenene (Eg ser altså berre det negative hjå dei?)

    Forstår du at eg tykkjer det er uinteressant å diskutera på slike vilkår?

    Nei, Jostedalen er ikkje infisert av masseturisme. (- kor ligg forresten grensa for masseturisme?) Men eg har møtt utsegner og haldningar som eg har tolka dithen at det i alle fall kunne ha vore interessant med litt “masseturisme light”.

    Det var hyggeleg å lesa at eg krev å bli teken svært alvorleg når det gjeld hovudtemaet i bloggen min. Den kommentaren sette eg pris på. (- og dette kom frå hjarta mitt.)

    Eg tykkjer det er flott at du PK “slær opp visiret” og er med i kampen! Enkelte av dei som eg trur er meiningsfelagane dine gjer ikkje det. Dei har truleg oppdaga det gamle ordtaket om at tausheit er makt.

    Slik sett har eg heile tida sett stor pris på at du PK (- og alle andre), står fram og deltar i diskusjonen på denne vesle bloggen min.

    Du har fleire gonger poengtert at du er privatmannen PK, og ikkje ein representant for eit “herverande” senter. Formelt må eg sjølvsagt godta det. I praksis tykkjer eg det er mykje verre, at meiningane til PK kan vera klårt skilde – ja, gjerne motsette av meiningane til den daglege leiaren.

    Som eg delvis har nemnt tidlegare, hadde det vore flott om representantar for eit herverande kraftselskap og eit h. senter kunne delta i debatten. Men eg forstår sjølvsagt at det byr på mange formelle vanskar, og at det i tilfelle vlle vera ein heilt ny tradisjon.

    Eg er helt einig med deg når du skriv: “Ser forresten at andre bloggarar tykkjer me er litt høgt gira her inne. Det tykkjer ikkje eg, berre so det er sagt.” Ei sak ein brenn for engasjerer. Det gjeld vel dei fleste i deler av livet. Men det passar ikkje å rusla rundt flegmatiske (- kanskje den nye kynisk-diskusjonen?) for alle. Personleg søv eg like godt/dårleg som eg plar gjera. Og du PK har etter det eg har høyrt vore ute i hardt vêr før. Så dette toler me. Når eventuell krutrøyk etter eventuelle lauskrutpatroner snart (?) legg seg, trur eg framleis at alle partar vil sjå klårare.

  14. thore Says:

    Føler meg helt hensatt til gamle veggavistider.

    Det er vel ikke noe typisk trekk hverken for reiselivet generelt eller reiselivet i Luster at det framstår som spesielt reflektert. Derfor blir det som regel andre som kritiserer “utviklinga”, enten det gjelder kraftutbygging, helikopterturisme, hytteutbygging eller andre inngrep av betydning. Undertegnede har alltid lurt på om det er mangel på dannelse(fagforståelse) som gjør at reiselivet framstår ukritisk. Dannelse forstås da ikke som et snobbete begrep, men som “levendegjøring av verdiorientert tenkning”(Nils Faarlund). En god del fag og en god del fagfolk bedriver fagkritikk både på sitt eget spesialfelt og på den større sammenhengen som man er i. En slik kritikk er nærmest fraværende i norsk reiseliv. Det er derfor begripelig at noen forstår at reiselivets mål først og fremst er å tjene penger.

  15. Nils Says:

    !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: