Farleg stup under Styggevasshytta

mari-318.jpg

Etter det eg har høyrt av lokale personar, var avtalen at all masse til demningen skulle hentast under vassflata til den nye dammen. Hadde utbyggjaren særskild løyve til å unngå denne avtalen? For hans del håpar eg det. Det skjemmande og farlege såret i landskapet vart i alle fall laga. Rett under Styggevasshytta slik ho står no, er det difor eit livsfarleg stup i dag. At dette er skjemmande for dei som vil ta eit «nasjonalromantisk» bilete av Styggevasshytta og naturen rundt ho, ser eg på som eit lite problem. Verre er det viss ungar spring i vilter leik i området under hytta. For fjellvandrarar seinhaustes med is på bergi, er det slett ikkje bra. Og sjølvsagt for framande i tett skodde.

Etter det eg har høyrt, har Styggevasshytta stått så godt som ubrukt det siste året. Om dette har samanheng med sprengingsarbeidet som vart gjort under hytta, veit eg ikkje.

4 kommentarar to “Farleg stup under Styggevasshytta”

  1. Anleggsarbeidar Says:

    Eg ser ikkje vekk frå at det som skjedde under utbygginga burde vore graanska. Vart de alt gjort slik det vart gitt løyve til eller var det eigenrådige anleggssjefa som bestemde det meste?

  2. eies Says:

    Ville forundra meg om ikkje kraftselskapet har det formelle og juridiske ansvaret i orden. Eg veit ikkje om dei kjenner til ordet «moralsk ansvar» i slike selskap. Tippar dei skuldar på ein eller annan «foreldelsesfrist».

    Likevel litt rart at dei ikkje ordnar opp i slike – for kraftselskapet – bagatellar. Når nytt kommunestyre skal veljast, ynskjer dei truleg å få inn dei som er positive til utbygging av Vestside-elvane.

    Får dei det…?

  3. SB Says:

    Tilbake i bloggverda etter eit maratonkommunestyremøte i går. Veitastrondi får byggje ut dei omsøkte kraftverka sine på same måten som bøndene og fallrettsshavarane på Jostedal-Vestside bør få byggje ut nokre småelvar i form av SMÅKRAFTVERK/MINIKRAFTVERK fordi miljøkonsekvensane i slike prosjekt i utg. pkt. er akseptable. Men eg – og eg trur eg har dei fleste oppegåande jostedøler med meg i denne saka – seier eit klart NEI til Statkraft sine utbyggingsplanar for vestsideelvane. Og i denne saka ser eg stort på det, eg representerer ikkje berre meg sjølv, men også store og viktige delar av reiselivet i Jostedalen samt dei mange miljømedvitne veljarane. So no er valkampen starta.

  4. Steinbrotet ved Styggevatnet « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Her er nokre bilete frå området under Styggevasshytta. Eg har også tidlegare skrive litt om dette, les her. […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: