Vart 3 dyregraver øydelagde av vegen til Styggevatnet?

Mykje tyder på det.

Dei to første gravene skal liggja like framom brua over Vetledøla, og altså under den asfalterte vegen. Den tredje grava låg/ligg ved Vardesteinane. Den eine Vardesteinen vart sprengd.

1) Eg har fått opplysningane av lokale informantar.

2) Begge gravene ved Vetledøla er dokumenterte i Øystein Mølmen: “Viltbiologiske forundersøkelser i Jotunheimen/Breheimen, Felt 1, 3, 4 og 5”. 

(Reg. nr. 26. 1 dyregrav. Bygget noe over bakkenivå. Meget strategisk beliggenhet midt i Sprongdalen. Graven fotografert av overing. John Andersen, NVE-Statskraftverkene, Oslo (……….)  

Reg. nr. 27. 1 dyregrav. Fangstmessig må denne sees i sammenheng med nr. 26 (plassert i samme trase. (……….))

3) Dei var også dokumenterte i Gerd Bolstad og Mons Kvamme: “Kulturhistoriske registreringer i Breheimen 1980”

Diverre  gjorde Kjersti Randers ei overprøving av dei 3 ovannemnde vurderingane i Mons Kvamme og Kjersti Randers: “Breheimenundersøkelsene 1981”. Kvifor ho gjorde det, lyt ho svara for sjølv. Grava var kanskje ikkje “tilstrekkeleg verifisert”. Eg er ikkje heilt inne i terminologien.

Og fasiten ligg for alltid begreven under stein og grus. 

Den tredje dyregrava skal altså liggja ved Vardesteinane. Informanten hadde opplysningane frå Hallvard Horpen. Det vart sagt at heile eller deler av denne dyregrava  kanskje kan skimtast i kanten av vegfyllinga. Det er muleg at utbyggjaren ikkje visste om denne grava. Men kor grundige undersøkjingar/intervju vart eigentleg gjort?

Og viss det var dissens blant fagfolka, kvifor ta hensyn til ein uttale og ignorera dei andre to + den lokale informanten?

————————————————————————————————————–

Var det nødvendig å øydeleggja tre kulturminne? Eg veit ikkje. Vegbygging er ingeniørkunst, og eg er ingen ingeniør. Men dalen er no ikkje så håplaust trong på denne staden. Det skulle vera råd å leggja vegen nokre meter til sides slik at desse tre dyregravene kunne bli berga. At fagfolk er skeptiske til lokale informantar, er ikkje uvanleg. Men Øysten Mølmen hadde registrering av fangstminne som sitt spesielle arbeidsfelt – for å oversjå han treng ein stor fagleg sjølvtillit. Og kva med fotoet/fotoa til overing. John Andersen? Skulle sanneleg vore interessant å sjå dei.

Jostedalen er fattig på kulturminne. Dyregravene kan vera frå tida kring Kristi fødsel. Var det uunngåeleg å øydeleggja dei?

Det er det same kor eg sutrar og klagar: Dyregravene er nok vekke for alltid. Men eg tykkjer ikkje at ein ansvarsmedviten utbyggjar skulle driva slik bulldosar-utbygging, i dobbel forstand.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: