Holmevass-området

Buplass. Tippar at dei levde delvis av rein, dei som hadde tilhald på Sætrehaug. Kjersti Randers har gjort ei grundig undersøkjing av buplassen.

Dyregrav ? Viss ein tek turen opp forbi Bymannsfossen, så skal det i følgje Fossen vera ei dyregrav der. Eg har ikkje funne denne, men har ikkje leita heller.

Lagringsplass? Kjersti Randers har også funne «noko» her, men ho meiner det er ein lagringsplass – kanskje for reinsmose som vart brukt til fôr.

Bogastille? Lenger oppe, langs elvi frå Slirevotni (- som er berre eitt vatn!) har eg fått tips om eit muleg bogastille.

Dyregrav? Går ein attende og så tek stien mot Holmevatnet, passerer ein ei dyregrav, i følgje Fossen. Ho skal liggja midt i stien. Her er eg litt usikker – Sverre Fossen – kan det vera dette?:

mari-353.jpgmari-354.jpgmari-355.jpg

Hyttetuft Nord for stien skal her liggja ei hyttetuft. Hytta vart brukt den tida her var tamrein. Det kan vera denne hytta som seinare vart flytta til Rausdalen og brukt av reinsjegerar.

Bogastille? Nord for vegen har eg her funne fleire spor etter det som må vera bogastille. Diverre ikkje foto enno.

Dyregrav? I følgje Sverre Fossen skal det liggja ei dyregrav like nord for bekkeinntaket. Denne har eg ikkje funne.

Dyregrav Litt nord for osen på Holmevatnet ligg ei av dei best bevarte dyregravene i Jostedalsfjelli. Leidegardane til denne grava finn ein faktisk att også på andre sida av elva:

mari-071.jpgmari-072.jpgmari-084.jpg

Dyregrav Ikkje langt frå grava ovanfor – i retning hytta –  ligg ei meir samanrasa dyregrav:

mari-065.jpgmari-085.jpg

Dyregrav Når du har passert hytta «Holmevassbu» og går på turiststien i retning Martadalen, går du om ikkje altfor lenge opp ein kort, men bratt bakke på nordsida av Holmevatnet. På toppen her ligg ei dyregrav – strategisk plassert:

bilde-263.jpgbilde-264.jpg

Dyregrav Når du går vidare, kjem du –  framleis på nordsida av vatnet – til ei fullstendig attkasta dyregrav. Ho er vanskeleg å oppdaga, og ligg mest i høgde med vassflata:

bilde-126.jpgmari-059.jpgmari-060.jpg

Dyregrav Når du har passert Holmevatnet, kan du gå nord-austover oppover langs ein liten bekk. Der oppe ligg ei dyregrav:

mari-062.jpgmari-088.jpgmari-132.jpg

Dyregrav Går du vidare i om lag same høgda innover mot Klauvi, kjem du til ei ny dyregrav:

mari-066.jpgmari-090.jpgmari-133.jpg

Bogastille mm. Vidare innover mot Klauvi, kjem eit område som eg ikkje har funne heilt ut av.Truleg bogastille og leidegardar. Ein stad kan det sjå ut som ei slags «felle», men med låge vegger:

kopi-av-mari-096.jpgmari-078.jpgmari-135.jpg

Dyregrav No er du vel forsåvidt komen på Klauvi, og fortset du vidare mot Martadalen, kjem du til nok ei dyregrav:

mari-076.jpgmari-077.jpg

Dyregrav Til slutt, framleis retning mot Martadalen, kjem du til den siste (?) dyregrava i Holmevassområdet:

mari-070.jpgmari-073.jpgmari-074.jpg

Skålgroper? I nærleiken av den siste dyregrava, har eg funne noko som kan likna på skålgroper http://no.wikipedia.org/wiki/Sk%C3%A5lgroper . Om det er det, er vel heller tvilsamt. Eg har sendt foto til Kjersti Randers og arkeolog Eva Moberg, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Eva Moberg vil sjå på funnet, men det har enno ikkje passa. Viss det viser seg at det verkeleg er skålgroper, ser eg på det nærmast som ein arkeologisk sensasjon:

mari-068.jpgmari-069.jpg

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: