Kloke, filosofiske ord

Eg meiner at Peter Wessel Zapffe har skrive noko slikt i  “Om det tragiske” (håpar eg hugsar rett) : “En verden uten mennesker er ingen tragedie.”

 

For ikkje så altfor lenge sidan uttalte ein lokal tenkjar (- han er no også ein morokar) : “Viss eg skal velja mellom rein og folk i fjellet, vil eg inntil vidare velja folk.”

 

Standpunktet mitt er truleg ein stad midt imellom desse.

4 kommentarar to “Kloke, filosofiske ord”

  1. John Halveg Says:

    Noko Olav H.Hauge sa kan vel vere som ein kommentar til folk eller berre natur:”Skogen stend, men skifter sine tre.”
    Jo-Ha

  2. eies Says:

    Det Olav H. Hauge skriv fungerer ofte godt for å få oss til å tenkja nye tankar. No er eg ikkje sikker på kva du vil fram til, men det gjer ingen ting. For no kjenner eg at eg må tenkja megom. Og det er ofte ikkje dumt…

  3. John Halveg Says:

    Tenk vidare. Det blir tenkt alt for lite. Forøvrig: Har du lese “Barske glæder” av Peter Wessel Zappfe?

  4. eies Says:

    Somme seier til meg: Du tenkjer for mykje! Men dei veit ikkje kva dei snakkar om. Einig med deg. Det blir generelt tenkt for lite.

    Eg har “Barske glæder” ein plass. Slal ta og leita. Var ikkje det ein del humoristiske stubbar…?

    Elles var doktergradsavhandlinga til Zapffe artig. (NB! Har ikkje lese alt!) Han skriv at mennesket er “overutrusta” . Og samanliknar oss med den forhistoriske irske kjempehjorten som hadde slikt enormt gevir. Det blei visst etter kvart banen til hjorten. Geviret vart for stort og tungt og hjorten daua ut. Men arkeologar finn av og til geviret.Det triste er vel at han antydar at det vil gå sameleis med oss menneske. Sa han. Zapffe.

    Las ein historie om då Zapffe og Arne ness (fjellklatrar og filosof) skulle på fjelltur. Zapffe planla turen grundig, og stillte med sekken der alt det nødvendige var med: mat, førstehjelp, klede, kart, kompass osb. Arne Ness hadde ein ryggsekk med ein taustump og ei banan oppi. Det fortel litt om ulikskapen mellom dei to venene. Seiest det. Viss det er sant, då…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s


%d bloggarar likar dette: