Nokre minne om Sjur Hesjevoll, meisterspelemann – mellom anna.

september 26, 2009 av eies

 

 

(Ovanfor er nokre bilete eg tok under det omtala kurset på Helgheim i Sogndal for om lag 30 år sidan. Sogn Spelemannslag var arrangør. Bileta er skanna frå dias og ber vel preg av det, men tykkjer likevel at fargane ikkje har tapt seg så mykje.)

Førstkomande fredag, laurdag og søndag er det Vestlandskappleik i Jostedalen. Fredag er det plateslepp og konsert på Breheimssenteret. CD-plata inneheld opptak av slåttar som Sjur Hesjevoll har spela. Eg har i den samanheng skrive ned nokre minne om Sjur. 

På slutten av 70-talet vart det halde kurs i Jostedalsspringar i Sogndal. Det var ein del av ei større samling der underskrivne var med. Anders Bjørk (Stor-Anders) var instruktør, og Sjur spelemann. Det var som ei ny verd opna seg for meg innan hardingfele-musikken. Sjur spelte klokkereint og med ein utruleg god rytme i musikken. Heile spelemannen levde med. Mest fascinerande var kanskje måten han trødde takten på. Der me andre trødde monotone taktslag med sko-tåa, der small det i frå Sjur – annakvar gong med helen og tåa, medan den andre foten heldt ein heilt annan rytmefigur. Trekkspelaren Helene Myklemyr har fortalt at også ho hugsar spesielt denne trøinga. Saman med det visuelle biletet av ein spelemann som utstråla innleving og musikkglede, vart dette som sagt noko heilt nytt, og eit nærmast fullkome ideal i musikken.

 

Eg høyrde ein gong at ”vonde tunger” kalla dette publikumsfrieri. No kan ein kanskje til ein viss grad kalla all utøvande musisering for pulikumsfrieri, så slik sett kan det vel ha noko for seg. Men då fell også alle andre musikarar i same sekken. Nei, spelet til Sjur Hesjevoll står for meg som heilt og fullt ærleg og sannferdig. Absolutt utan noko påklistra og påteke som me elles av og til kan finna både i folkemusikken og i annan musikk.

 

Alle store spelemenn vert nok kritiserte for eit eller anna. ”Puristane” sa at han hadde såkalla ”vibrato” i spelet sitt. Det kunne han nok ha – spesielt i gamaldansmusikk av det virtuose slaget. Men i mine øyre var aldri dette smaklaust eller skjemmande.

 

No var det ikkje så mange gonger eg fekk høyra Sjur spela. Men eg fekk også høyra han i solospel. Omgivnadane var vel heller dårlege: Det var tidleg om morgonen i gymsalen på Helgheim. Folk var trøytte etter ei natt med hard dansing og lite søvn. Kanskje somme hadde vore borti flaska også. Me stod samla, ein klump med kursdeltakarar, litt innafor døra. På langveggene stod det ei rad med stolar – slike lange samanhengande ”klappstolar”, trur eg det var. Svein Skjerdal ynskte oss vel møtt til siste økta på kurset. Så spurde han om Sjur ville spela ein slått. Jo, då. Spelemannen rusla fram og sette seg på stolrekka attmed veggen, tok opp fela og spela ein slått.

 

Og for eit spel…

 

Den gongen kjende eg ikkje slåtten, men i ettertid har eg vorte fortalt at det var springaren Bjønnheimen etter Nils Bjørnheim. Slåtten er ein skikkeleg god danseslått om han blir framført godt. Men i ei slik, i utgangspunktet utriveleg morgonstund, ein søndag på Helgheim, vart Bjønnheimen framført som lyarspel i meistarklasse.  Eg hugsar godt at eg fraus nedetter ryggen Det er ikkje så ofte at eg gjer det når eg høyrer musikk. Eg hadde ein onkel som hadde dette som kriterium: God musikk er slik musikk som du frys på ryggen av.

 

Men attende til spelet til Sjur: Eg vil ikkje seia at eg græt då han hadde spela ferdig. Men augene mine var liksom fulle av vatn, og eg såg så uklårt. Slik var det også for ein som passerte meg, såg eg.

 

Ein liknande situasjon opplevde eg ein annan gong. Då var slåtten: Eg vil reise til Hatleli. Desse to, i utgangspunktet beskjedne slåttane etter Nils Bjørnheim, kunne altså Sjur forma om til meisterverk.

 

I tillegg til lokale slåttar kunne også Sjur fleire store slåttar frå det klassiske hardingfelereportoiret: Markensmåndagen, Jentebedragaren, Siklebekken og sikkert mange, mange fleire. Men også bravurnummer i gamaldanstakt frå Nord-Vestlandet : Tikronerslåtten (Kjøbenhavneren), Den frilynde… Ein gong høyrde eg ein kjend spelemann  ”bestillte” Sulithjelma-galoppen. Desse til dels teknisk krevjande slåttane med spel ”i posisjon” høvde ekstra godt for Sjur. Han formeleg leika seg med dei tekniske utfordringane, slik det skal gjerast i godt spel.

 

Ein annan gong var eg på leikfest i Gaupne. Sjur var der også, saman med ei gruppe springdansarar frå Jostedalen. Det var ikkje mykje Sjur fekk spela, og då eg såg han gjekk ut på ei rom attmed scenen, tok eg motet til meg og gjekk inn for å helsa på han. Eg vart møtt av ein liketil kar som snakka til meg som om han hadde kjent meg lenge. Han gav tydeleg uttrykk for at songdans var noko han ikkje var spesielt glad i.

 

På den tida var eg ikkje begynt å spela fele, men eg var veldig fascinert av hardingfela og musikken. Meinar at eg spurde etter Store Vetle-Per, og slåtten kom perlande frå Gjøvland-fela.

 

Det er noko rart med desse felene frå Sveinung Gjøvland. Ein annan av våre store spelemenn: Jostein Fjærestad frå Vik i Sogn, har også ei slik. Eg veit at det har kome spelemenn til Jostein og bedt om å få prøva instrumentet han spela på. Men dei fekk ikkje fram ein einaste tone! Umuleg å spela på av andre enn eigaren. Her i dalen har Harald Hesjevoll ei Gjøvland-fele, og Olav Sperle hadde ei. Den var dessutan ”toneforbetra” ved at einkvan hadde stukke ein kniv inn lydhola og spikka av bassbjelken. Merkeleg. Men no er fela reparert.

 

Eg var også eit par gonger på besøk til Sjur i bustaden hans på Hesjevoll. Han høyrde nok etter kvart litt tyngre, og kanskje sjukdom i tillegg gjorde at han ikkje alltid spela like reint lenger. Bogen og fingrane gjekk som dei alltid hadde gjort, og i kortare periodar kunne også spelet vera reint. Men så vart det liksom at fingrane forskyvde seg på felehalsen, og tonane vart ikkje like klåre som før. Men var det ein slått eg kunne så nokolunde frå før, så var det framleis mykje å læra. Og kvar gong han strauk opp, var det likevel ei stor oppleving for meg.

 

Når det gjaldt ”læring” hadde han forresten eit artig visdomsord. Eg opplevde aldri Sjur som arrogant i forhold til andre, dårlegare spelemenn: Det er sjeldan at ein spelemann er så dårleg at eg ikkje har noko å læra av han, sa Sjur.

 

I kjellaren på Fjellheim var Sjur mykje spelemann då dei øvde på springaren. Ein gong spurde ho Anna på sin karakteristiske måte: Tykkjer du ikkje at dei er vortne flinke til å dansa? Sjur hadde nok lagt ned mykje tid og arbeid som spelemann, og han var nok truleg svært glad for at dei vil læra seg springaren. Men her hadde han nok ei formeining om at ikkje alt var like godt: Det hadde kanskje vore bra om dei hadde vore lite granne inne på takten, av og til.  (Om dette er heilt ordrett, hugsar eg ikkje. Men nokolunde slik vart det sagt.)

 

Ein gong eg og Sjur sat på graset utanfor verkstaden hans, dukka det brått opp ein kar med rømmegraut og plomesuppe (sviskesuppe) – festmat i Jostedalen. Kven han er og kvar han kom frå, veit eg enno ikkje…  

 

Styggevatnet: Større reinsflokk observert

september 15, 2009 av eies

Like før reinsjakta starta, vart ein – etter våre forhold -  “større” reinsflokk observert ved Styggevatnet. Det var ein av dei som driv med ”kajakking” som hadde sett reinane. Kor mange det var, var ho usikker på, men det var truleg minst 2o. Noko meir om alder og kjønn veit me ikkje.

For reetableringa er dette ein særs gledeleg observasjon.

Kva dyr flår skinnet av juret på skadeskoten hjort…

september 13, 2009 av eies

Som ettersøksjeger kan ein koma bort i mangt og mykje. Ettersøksjegerane i Luster Ettersøksring har likevel ei sjølvpålagd teieplikt: Ingen skal vera redde for at ei skadeskyting skal spreiast og verta “buaprat” eller “prat over kaffikoppen” pga oss. Kva jegerane sjølve ynskjer å fortelja eller ikkje fortelja, er noko heilt anna. Denne praksisen meiner eg er klok, og me prøver å leva etter den så godt me kan.

Bileta over er etter kvart vortne “litt” gamle. Kvar dei er tekne, kan likevel vera det same. Dei vart tekne med ein mobil, så kvaliteten er ikkje på topp.

Dette hende for fleire år sidan ein stad i kommunen. Hjorten låg i alle fall daud om morgonen. Men kva slags dyr er det som har flådd av skinnet på juret i løpet av natta… ? Dette får vera den nye quizen. Men denne gongen veit eg  ikkje svaret.

Det har nok kome fuglar og pikka i kjøtet, men kan dei flå av skinnet slik? Og går ikkje fuglane oftast laus på augene først? For ordens skuld: Skotet var plassert på ein heilt annan stad på hjorten.

To hjortar omkom i flaumen – kanskje fleire

september 10, 2009 av eies

Fekk ein SMS i dag om at det låg ein hjort i elvi ved Stolpala (om lag 290 m framom Fellesfjøsen). Eg og hunden rusla vidare nedetter elvi, og 490 m nedom Fjøsen låg det ein hjort til, om lag på same staden der det i fjor låg to daude spissbukkar.

Qizen blir då: Kva kjønn trur blogglesarane dei to hjortane har. Premiane er heider og berømmelse.

——————————————————————————————————-

Som nb skriv i kommentaren, så låg det ein hjort der. Kanskje ein kalv eller ei lita kolle, men vanskeleg å avgjera sikkert. Io tykkte dette var snadder, og eg måtte verkeleg tala i klartekst for å få ho med heim att.

SL370119

NVE held ope møte om Vestsideelvane og Vigdøla på Jostedal Hotell

september 8, 2009 av eies

Møtet vert 9.september kl 18.oo.

Sjå Luster kommune si heimeside.

Dugnad på fiskeplassar i Jostedøla

august 27, 2009 av eies
 “Me ( – og “me” er fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag) må få sluttført fiskeplassrydding-prosjektet vårt. Me har gjennomført rydding som planlagt i 2007 og så har me nokre timar i 2008, men me treng nokre timar i 2009. Er det nokre plassar som treng ein innsats som du veit om eller skal ein berre gå over plassane? Kan du få med eit par personar ein ettermiddag å rydde/utvide fiskeplassane våre?”

Plassane er:  Øy 2 plassar, Fåbergstølen  2, Ved Bresenteret 1, Gjerde 1, Haugli 1, Jostedal 1, Sperla 1, Fossøyane 1.

Dette er altså 100% frivillig arbeid som skal gjera nokre fiskeplassar lettare tilgjengelege. Arbeidet kan vera forskjellig, men rydding av skog, busk og kratt er ein vesentleg del.

Eit par timar ein kveld er bra.

Ta gjerne kontakt med Magnus Snøtun, Lasse Tuften eller Einar Ese. Det er lettare for oss å spørja folk som kan vera litt interesserte i slikt arbeid. Les om tidlegare dugnad på dette innlegget.

Elles kan du lesa smått og stort om fiske i Jostedøla her.

Fire hittil ukjende dyregraver oppdaga i Vigdalstølsområdet

august 21, 2009 av eies

Ein liten sensasjon vil eg kalla det at fire jordgraver er oppdaga ved Vigdalsstølen. Etter det eg veit, har ingen visst om desse tidlegare. Alle gravene var parallelle. Dei låg oppe på eit platå. Opp til gravene gjekk det ei bratt reine. Gravene var nokså djupe. Eg har høyrt at dei tidlegare kast stein, røter mm. ned i jordgravene for at ikkje beisti skulle bli liggjande på ryggen nedi dei.

Du kan gå nedover frå stølen Breisete  i om lag 100 meter avstand frå elva til du er på høgde/parallelt med Vedahaugane. Vedahaugane ligg altså på motsatt side av elva. Den game reievegen/kløvjevegen (der ma. Nils Ormberg kløvja ost…) går rett forbi den eine grava. Denne vegen vert no brukt stort sett berre av dyr.

Etter som eg forstod var det under ei synfaring der Tom Dybwad, Lars Vigdal og Erling Bjørn Vigdal  deltok, at dei fann dyregravene. Lars Vigdal var seinare så hyggeleg at han ville ta seg tid til å visa meg dyregravene. Det er eg takksam for!

Eg har teke to foto av kvar grav. Ser at fototeknikken min er litt mangelfull. Det er ikkje alltid like lett å sjå kva dette er. Men gjer deg ein tur opp, og du blir ikkje i tvil!

 

 

Blåe tonar under breen

august 20, 2009 av eies

Klikk deg inn og les om artistane. Programmet for Blåe tonar under breen er klart!

 

“Herlig marengskake”

august 19, 2009 av eies

Marengskaka er heilt til høgre og fremst på biletet.

Ho er ikkje spesielt vanskeleg å laga. Men det blir ein del oppvask, dessverre. Når du rører saman dei hakka nøtene (hurtigmiksar…?) – sukkeret og dei stivpiska kvitane, trur eg det er lurt å ikkje vera altfor ivrig, men “vend” det forsiktig saman. Eg plar bruka bakepapir og varmluft. Ha ikkje altfor mykje vatn i kremen. Kjøl kremen ned før du har han på kaka,

Får du problem med bakinga, så skriv ein kommentar. Men fleip svarar eg truleg ikkje på.

Dumt å leggja ut villreinobservasjonar i Jostedalen på nettet…?

august 16, 2009 av eies

Ottadalen Villreinområde har ei eiga nettside der dei legg ut jaktinfo, dvs. opplysningar om kor villereinen for øyeblikket er. Dette er spesielt interessant for jegerane under jakta. (Klikk på Jaktinfo i venstre margen)

Det er sjeldan det har vorte lagt ut opplysningar om villrein i Jostedalen. Men dei gongene det har vore gjort, har det frå jeger-/villrein-interesser her i dalen vorte hevda at dette har ført til at reinane har vortne skotne. Sjølvsagt kan dette vera tilfelle, men heilt sikkert veit me vel ikkje dette.

På Lustra-sida mellom Skjåk og Luster er all rein freda. Diverre er reinen straks over grensa til Skjåk ikkje freda. I forhandlingsmøte har det likevel kome signal om at også området nærmast Luster, på Skjåk-sida, kan bli freda. Men dette kan tidlegast koma i stand frå jakta i 2010. Kor dette fredingsområdet på Gudbrandsdalssida skal vera, er diverre noko uklart. Frå Skjåk har eg fått signal om at dei vil godta ei freding av Tverreggi, Syrtbyttdalen og Mysubyttdalen. Viss dette går i orden, vil nok grunneigarane fremst i Jostedalen bli glade og nøgde. Heilt sikkert!

Eg har inntrykk av at Skjåk denne gongen er positive til ei villreinreetablering i Luster. Ein av grunnane er den såkalla klima-krisa, der dei er redde for at klima-endringane kan gå hardt ut over isbreane i Skjåk. Villreinen er heilt avhengig av brear på varme sommardagar, og dei reknar med at Jostedalen/Luster vil ha sikker tilgang på brear også i framtida.

Sidan det var uråd å få til noko freding av grenseområda i Skjåk, vart eg til slutt så utolmodig at eg tok direkte kontakt sjølv, og eg fekk personleg ein muntleg lovnad om at opplysningar om villrein på Jostedalssida ikkje skulle leggjast ut på JaktinfoOttadalen villreinområde si heimeside. Eg har tiltru til at denne lovnaden skal verta halden.

Det som kan skje, er sjølvsagt at jegerar med fellingsløyve i Skjåk stikk nett over til Jostedalen og “hentar” nokre reinar som dei så feller, rett over på Skjåk-sida. Sjølvsagt er ikkje slikt lovleg. Og seriøse jegerar vil aldri finna på noko slikt.

Men for likevel å vera på den sikre sida: I tida no og framover til reinsjakta er slutt, vil eg ikkje leggja ut opplysningar på denne bloggen om villreinobservasjonar i Jostedalen/Luster.