november 29, 2009 av eies
Frammøtet på boksleppet søndag 29.november kl 15.00 på Jostedal Hotell var stort. Her var jegerar og ”gamlekarar”, men ikkje minst var det mange som ”aldri har sett sine bein i eit gevær” som Øystein Sunde ville ha sagt det. Og nett desse siste er kanskje aller viktigast viss me vil ha reinen attende. I tidlegare tider var “rein” nokså einsbetydande med “jakt” og “mat”. I våre dagar er reinen sine leveområde trua frå mange kantar, som fjelloppsynet også nemnde i foredraget sitt, og skal me gi reinen gode vilkår, nyttar det ikkje at jegerar og grunneigarar står på barrikaden åleine. Då er me nøydde til å få “folk flest” med oss.
- Olav S. leia feststunda, for slik følte eg det var, med stø hand. Han er reflektert med eit ungdommeleg sinn.
- Sverre F. fortalde om arbeidet med boka og filosoferte ma. over antal kilometer han hadde gått i fjellet. Det vart nok ein del.
- Einar F. hadde eit foredrag om reinen sitt liv og levemåte. I tillegg viste han eldre foto frå reinsjakt i Jostedalen. Folk likte tydelegvis begge deler.
- Einar E. fortalde om arbeidet i gruppa som skal få reinen til å etablera seg att i Luster sin del av Breheimen.
- Steinulf S. ga eit interessant oversyn kva ein hadde oppnådd og kva ein ikkje hadde oppnådd ved opprettinga av Nasjonalparken.
Kaffien og kakene smakte, og praten gjekk triveleg kring bordi. Sverre F. signerte og skreiv helsingar i bøker. Ei utruleg billeg og fin julegåve må dette vera. 175 kr er ikkje mykje i våre dagar.
Som sagt: Eg følte dette som ei liti høgtidsstund!
Men viss me ikkje får reinen attende til Jostedalsfjelli, så vert likevel dei mange kulturminna me finn i form av dyregraver, bogastille og herbørje – dei vert for underskrivne berre eit einaste stort sorgens monument.
Posta på Reetablering av villrein | 3 kommentarar »
november 26, 2009 av eies
Fremst i Krundalen, frå Grov og mest i Bergsetdalen, har det i sommar gått ein bukk med det vitskaplege namnet: “Luster_Bukk_Gul_123″.
- 14. mars i år : Vart han visstnok mekt på Eikjo/Eikjastrondi
- o8.mai : Siste signal frå Eikjastrondi
- 12.mai : Alsmo
- 13.mai : Fossen/Fossøyane
- 18. og 19. mai : I Bakken
- 20.mai : Går han frå Hesjevollstrondi til Røykjadøla
- I sommar har han stort sett gått i Bergsetdalen
- 8.oktober : Hausttrekket startar. Passerer Gjerde
- 9.oktober : Sperla
- 10.oktober : Leirdøla
- 11.oktober : Rånnøy
- 12.0ktober : Ytre Eikjo, utom Vedvik.
- Viss han overlever, vert han vel gåande her i vinter….
So kjem spørsmålet: Skal bukken kallast “Krundals-bukken” eller “Eikjo-bukken”…
Sjekk det eg har skrive her.
Les om merkjeprosjektet her.
Posta på Hjort - forvaltning | 5 kommentarar »
november 25, 2009 av eies
Ei hjortekolle som fekk påsett klave og øyremerkje på Kaupanger, er no observert i Askvoll.
Les meir her og her.
Posta på Hjort - forvaltning | Legg att ein kommentar »
november 25, 2009 av eies

Eg prøver å gi att teksten på plakaten:
JOSTEDAL HISTORIELAG
Bokslepp
Søndag den 29. november kl. 15.00 vert det slepp på Jostedal Hotell av boki som Sverre Fossen har ført i penn:
“Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli”
Sverre Fossen vil fortelje om arbeidet med boki og den omfattande registreringa av gamle fangstanlegg i Jostedalsfjelli. Vidare vil fjelloppsynsmann, Einar Fortun og lærar, Einar Ese orientere om planar for å få opp att ein reinstamme i fjelli våre.
Jordbrukssjef, Steinulf Skjerdal vil snakke om lover og rettar i Nasjonalparken, sett ut frå jordbruksnæringa.
Kultursjef, Erling Bjørnetun: Kulturminne i fjellet. (Rykte seier at dette innslaget går ut.)
Kaffi og lettare servering.
Arr: Jostedal Historielag
Eg håpar verkeleg at ein del folk vil koma. Sjølv gler eg meg, i alle fall!
Posta på Reetablering av villrein | Legg att ein kommentar »
november 22, 2009 av eies

Rein ved Styggevatnet i sommar. Biletet er ikkje frå boka.
Jostedal Historielag kjem i haust med ei ny bok. Det er Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli.
I eit skriv me fekk i posten frå historielaget, står det:
Fangstanlegg.
Arbeidet med å registrere gamle fangstanlegg i fjellområda våre er nå samanfatta i ei bok som Sverre Fossen har skrivi: “Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli” Det vert “bokslepp” på Jostedal Hotell sundag den 29.november kl 15.
Fjelloppsynet i Luster vil vera til stades, det same reknar eg med mange lokale jegerar og historieinteresserte vil vera. Dessutan håpar eg fjellvandrarar og fotturistar vil koma.
Sjå også på origo
Posta på Reetablering av villrein | Legg att ein kommentar »
november 12, 2009 av eies

Bilettekst: “Me er trygge. eies har lova å ikkje skyta oss”. Teksten til biletet av desse reinane attmed Styggevatnet i sommar, er vel likevel ikkje heilt rett. Det finst andre jegerar både her og i nabofylket vårt.
Trass i at “den harde kjerne” i reetableringsgruppa Kjartan, Olav og Einar F. forhandla fram ein gullkanta avtale med Skjåk, der dei gjekk med på – inntil vidare – å auka vinterstamma med ein stad mellom 50 og 100 reinar, tykkjer eies at arbeidet går litt seint og trått. Det er fleire tiltak som kunne vore gjort, og fleire prossessar kunne ha vore sette i gang. Sidan eies er med i Reetableringsgruppa, lyt han sjølv ta sin del av skulda for at sovore ikkje har vorte gjort.
Som eit lett desperat tiltak vil eies difor utdjupa den tidlegare lovnaden han har kome med: EIES LOVAR MED DETTE, MED VILLREINBLOGGEN SINE LESARAR SOM VITNE, AT HAN ALDRI, NOKOSINNE, VIL SKYTA VILLREIN I LUSTER SIN DEL AV BREHEIMEN!
Han vil poengtera at han hittil ikkje har vurdert å melda seg inn i NOAH. Heller ikkje kjenner han seg plaga av same symptom som Molanden nedi Kongo. Men dette er noko eies har tenkt på i fleire år.
I motsetning til i fjor då eies var uheldig under hjortejakta, har han i år hatt hellet med seg. Såleis kunne han gjerne tenkja seg ein tur på jakt etter villrein i Jostedalsfjelli. Men at her kan etablerast ei villreinstamme, er langt viktigare enn at eies får sjå på rein med berre eitt auge. eies vil presisera at dette er noko han gjer kun for sin eigen del, og at han sjølvsagt ikkje vil oppmoda eller pressa andre til noko liknande. Viss eies vert invitert med på jakt som “sherpa” eller liknande, vil han bli glad, og han vert gjerne med. Dette må då bli etter at fredingsvedtaket er oppheva.
Det er såleis med eit snev av tru eller overtru at eies gjer dette.
Måtte det snart etablerast ei villreinstamme i fjella våre. Til glede for folk flest!
Posta på Reetablering av villrein | Legg att ein kommentar »
november 9, 2009 av eies
Høyr Einar Forten bli intervjua av Kjell Opheimshaug om hjortejakta.
Klikk inn på Radio Luster. Deretter klikkar du på Einar Fortun om jaktsesongen o9.
Du må berre venta, det tek ei tid.
Posta på Hjort - forvaltning | 1 kommentar »
november 9, 2009 av eies
Høyr Kjell Opheimshaug intervjua Einar Ese om reetablering av villrein. Klikk deg inn på Radio Luster, og klikk vidare på Reetablering av reinstamme Einar Ese.
Ha tolmod, det tok ei god stund før innslaget kom.
Posta på Reetablering av villrein | Legg att ein kommentar »
november 4, 2009 av eies
Å kalla lustringar generelt og jostedøler spesielt for hundehatarar, er absolutt ikkje rett. Eg har likevel ei sterk kjensle av at jakthundar er meir aksepterte på Austlandet. Etter at lova om pliktig ettersøkshund ved storviltjakt kom, har eg ei kjensle av at hundar vert aksepterte mykje lettare no enn for berre nokre år sidan.
Som hundeeigarar har me sjølvsagt eit stort ansvar, ikkje minst i høve til viltet i fjellet, og til sauene som er på beite. Kor stor skade hundane gjer på desse to områda her i dalen veit eg ikkje, men kvar sau som blir skada eller drepen av hundar, er ein for mykje. Dei ulike hunderasane har ulik grad av jaktlyst og “springe-etter-lyst”. Difor er det viktig at hundeeigarane kjenner lynnet til hundane sine. Ein “søt” kjælehund treng ikkje vera den uskuldigaste! Aller farlegast er det viss to (eller fleire) hundar er lause samtidig. Då verkar flokk-instinktet, dei eglar kvarandre opp, og ser dei ein sau, kan det lett enda tragisk.
Desse to bileta med plakatar, er frå Viva og Styggevatnet. Eg har lenge meint og sagt at viss me vil ha fleire til å bruka fjellet, så må me skilta meir og få opp orienterande og informerande plakatar. Men dette er altså det fotturistar vert møtte med:
PROHIBETED! BÅNDTVANGEN! ACHTUNG!
Er det likevel dette som er den viktigaste informasjonen me ynskjer å gi?
Kan turistnæringa, Luster Turlag, grunneigarar, landbrukskontoret… eller andre gjera noko med det?
Posta på Hund, Reetablering av villrein, villrein | 12 kommentarar »
november 3, 2009 av eies
Eg har fått opp til fleire kommentarar på manglande aktivitet på bloggen i det siste. Hyggeleg! Startar opp med å skriva litt pent om Statkraft.
Då anleggsvegen var bygd forbi Bjønnstegane, ser eg ikkje bort frå at det vart gjort ein tabbe, slik at fundamentet for den gamle buforvegen vart meir eller mindre øydelagd. Farleg for trafikken var det også. Dette har eg skrive om tidlegare.
I haust har nok Statkraft prøvd å ordna opp i dette. Bra Statkraft! Men som kraftselskapet heilt sikkert er klar over: Her er meir å ta fatt i, diverre.
Posta på Statkraft, Vestsideelvane mm. | Legg att ein kommentar »