Frammøtet på boksleppet søndag 29.november kl 15.00 på Jostedal Hotell var stort. Her var jegerar og ”gamlekarar”, men ikkje minst var det mange som ”aldri har sett sine bein i eit gevær” som Øystein Sunde ville ha sagt det. Og nett desse siste er kanskje aller viktigast viss me vil ha reinen attende. I tidlegare tider var “rein” nokså einsbetydande med “jakt” og “mat”. I våre dagar er reinen sine leveområde trua frå mange kantar, som fjelloppsynet også nemnde i foredraget sitt, og skal me gi reinen gode vilkår, nyttar det ikkje at jegerar og grunneigarar står på barrikaden åleine. Då er me nøydde til å få “folk flest” med oss.
- Olav S. leia feststunda, for slik følte eg det var, med stø hand. Han er reflektert med eit ungdommeleg sinn.
- Sverre F. fortalde om arbeidet med boka og filosoferte ma. over antal kilometer han hadde gått i fjellet. Det vart nok ein del.
- Einar F. hadde eit foredrag om reinen sitt liv og levemåte. I tillegg viste han eldre foto frå reinsjakt i Jostedalen. Folk likte tydelegvis begge deler.
- Einar E. fortalde om arbeidet i gruppa som skal få reinen til å etablera seg att i Luster sin del av Breheimen.
- Steinulf S. ga eit interessant oversyn kva ein hadde oppnådd og kva ein ikkje hadde oppnådd ved opprettinga av Nasjonalparken.
Kaffien og kakene smakte, og praten gjekk triveleg kring bordi. Sverre F. signerte og skreiv helsingar i bøker. Ei utruleg billeg og fin julegåve må dette vera. 175 kr er ikkje mykje i våre dagar.
Som sagt: Eg følte dette som ei liti høgtidsstund!
Men viss me ikkje får reinen attende til Jostedalsfjelli, så vert likevel dei mange kulturminna me finn i form av dyregraver, bogastille og herbørje – dei vert for underskrivne berre eit einaste stort sorgens monument.




