Arkiv for kategorien ‘Reetablering av villrein’

Interpellasjon til ordføraren i kommunestyremøtet torsdag

mai 24, 2011

Torsdadag 26. mai kl 09.00 vert det kommunestyremøte på rådhuset. Etter det eg forstår vil Luster Venstre stilla ein interpellasjon til ordføraren når det gjeld reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen Nasjonalpark. Det var tidlegare gjort eit mislukka forsøk   14. april.

 Fagrapporten Colman/Lilleeng: Reetablering av villrein i Luster har vore klar sidan 1. mai 2010, men det er vanskeleg å sjå at Luster kommune har gjort noko for å følgja opp tiltaka som er tilrådde i planen. Fagrapporten tilrår to reetableringsmetodar:

  1.  Naturleg reetablering
  2. Utsetjing av rein.

Når det gjeld den første reetableringsmetoden: “Naturleg reetablering”, har han hittil ikkje gitt noko innvandring til Luster sjølv om det pr i dag er ei vilreinstamme i Skjåk Søraust som er 50% fleire dyr enn det optimale. Ottadalen Villreinnemnd vil fylgja utviklinga nøye, og kan ikkje sjå bort frå ei nødvendig vidare redusering i denne stamma dei komande åra. Denne metoden kan nok vera enkel og lite ressurskrevjande, men svært usikker når det gjeld resultat. (Også i Jostedalen på 1990-talet var det, over fleire år, opp mot 40 rein på sommarsbeite – utan at dette førte til ei reetablering.)

Då står ein att med utsetjing av rein - som er ein ressurskrevjande metode. Men metoden har hittil vore brukt med hell, seinast i Lærdal/Årdal i 1997. Dessutan i fleire tilfelle og i fleire villreinområde i Sunnfjord og Nordfjord, berre for å nemna nokre.

Kva som vert ordlyden i interpellasjonen, veit eg ikkje – sjølvsagt veit eg heller ikkje svaret til ordføraren. Men mykje tyder på at han vil trekkja fram at planen til Colman er urealistisk og ressurskrevjande. Spesielt vil han trekkja fram det urealistiske i å setja opp gjerder i høgfjellet (noko som iflg Colman ikkje er noko vilkår for å lukkast.)

Eit anna moment som kan verta trekt inn i debatten, er i kva grad villrein fører til ei større jerveplage for sauebøndene.  Eg har snakka med ein del av dei største sauebøndene i Fortunsområdet, på “Sørsida”, og også over grensa mot Årdal. Ingen av desse ynskte villreinen bort frå beiteområda sine. Men mange av sauebøndene hadde hatt til dels store tap til jerven. Ein del av dei var også villreinjegerar.

Rein er vintermaten til jerven, liten tvil om det. I kva grad sauebøndene sitt ve og vel og økonomiske situasjon vert påverka av villreinen, er likevel usikkert. Her spelar mange andre faktorar inn, ikkje minst det utaket av jerv som DN/SNO gjer. Dette temaet er det garantert sikkert mange – og sterke - meiningar om.

Villrein i Lustra-fjelli vil vera økonomisk verdifullt for grunneigarane, det er det ikkje tvil om. I tillegg  vil jegerar, turisme, fjellvandrarar – for å nemna nokre – ha minst like stor glede av reinen, om enn på ein annan måte. Ikkje all glede kan mælast i pengar.

Årsmøte i Ottadalen Villreinnemnd – fastsetjing av kvotar

april 18, 2011

Ottadalen Villreinnemnd hadde 15. og 16.april 2011 møte på Bjorligard hotell, Bjorli, Lesja. Der vart kvotane for jakta i 2011 vedtekne. Representanten frå Luster i nemnda kunne ikkje møta, det kunne heller ikkje vararepresentanten frå Luster.

Den optimale (“normale”) vinterstamma i Ottadalen Sør-Aust er på 400 villrein. Dette talet er fastsett på grunnlag av beitegranskingar. På eit møte sist vår gav Ottadalen Villreinnemnd signal om at dei likevel var villege til å halda stamma på i overkant av 100 dyr meir enn det optimale – for å stimulera til ei “naturleg” innvandring til Luster sin del av området. Stamma er no i følgje flyteljingar på 591 dyr, med andre ord er stamma no 50% større enn det optimale, utan at det har ført til den frå Luster si side høgt etterlengta “naturlege” innvandringa. (Det einaste underskrivne kjenner til er nokre observasjonar av bukkeflokkar på sommarsbeite i Middalen
(Nørdstedalen) )

Ottadalen Sør-Aust omfattar, grovt rekna, Lundadalen, Tundradalen og vidare vestover til Sprangdalen og Sprangdøla. Eit område frå Sumarkvile og vestover til Sprangdalen/Sprangdøla er total-freda for reinsjakt, det same er Luster sin del av Ottadalen villreinområde.

På grunn av beitegranskingar og auken i vinterstamma i Sør-Aust, lyt denne stamma no reduserast. Men som sekretæren i Villreinnemnda tidlegare har gjort greie for, vil dei framleis halda ei stamme her på i overkant av 500 dyr, slik Villreinnemnda gav signal om må møtet i Loen i vår. Det er ei
stamme på i overkant av 100 dyr meir enn det optimale.

Det er verdt å merka seg følgjande tillegg til vedtaket som vart gjort: “Stammen 550 dyr i sør-austområdet må følgjast nøye for å sjå om auken er gunstig for stammen over tid.” Dette må tolkast slik at det vert gjort kontinuerlege vurderingar, mellom anna beitegranskingar, av kor lenge det er forsvarleg å halda stamma på 150 dyr over det optimale. Det er såleis heilt urimeleg å forventa at Sør-Auststamma skal kunna aukast. Viss det viser seg at det vert ei negativ utvikling i lavmattene på vinterbeita, med dårlegare kondisjon hjå dyra som resultat, må ein nok forventa ein vidare reduksjon i vinterstamma i Sør-Aust. Ottadalen Villreinnemnd er ein veldriven organisasjon og det er utenkjeleg at dei vil “ta sjansar” med antalet dyr i vinterstamma, eller at dei vil “gambla” med kvaliteten på vinterbeita viss beitegranskingar syner ein negativ trend.

Uansett må det strekast under at Ottadalen Villreinnemnd har vist stor velvilje mot Luster sidan dei har lete stamma i Sør-Aust veksa til 591 dyr som er situasjonen pr. i dag. Om stamma no vert redusert til 550 dyr, er dette framleis 150 dyr over det optimale. Det som for Luster sin del er noko
trist, er at dette enno ikkje har ført til ei “naturleg” innvandring av rein til Luster.

Det er framleis eit lite håp, men mykje mindre enn tidlegare, om at Luster kan få ei “naturleg” innvandring frå Ottadalen Sør-Aust.

Venstre tok opp villreinetableringa i kommunestyret

april 14, 2011

Steinar Bruheim frå Venstre hadde i dag ein interpellasjon til ordføraren i slutten av kommunestyret. Spørsmålet var om kva ordføraren kom til å gjera for å følgja opp tilrådingane frå Jonathan E. Colman i fagrapporten der han drøftar kva som må gjerast for å få villreinen attende til Luster sin del Breheimen.

Ordføraren hadde ikkje fått førebudd seg til interpellasjonen, så han kunne berre svara på det som eit grunngjeve spørsmål. Han skulda på at dataen hadde vore “nede”.

For eies verka det likevel som at ordføraren sitt svar var  prega av sterke krefter på landbrukskontoret. At Villreinstamma i Ottadalen-Sør no skal reduserast, vart ikkje drøfta. Heller ikkje at dette er svært uheldig for ei “naturleg” reetablering.

I verste fall kjem Luster no til å missa/få sterkt redusert ein reetableringsmetode (“naturleg” reetablering.) Viss dei signala som ordføraren kom med skal gjennomførast, seier Luster i tillegg Nei-takk! til den andre reetableringsmetoden (utsetjing).

Viss ikkje folk ikkje kjem på andre tankar, ser ikkje framtida lys ut.

Eit katastrofalt forslag for alle som gjerne såg at det vart ei naturleg utvandring av rein – inn i Luster sin del av Breheimen

april 8, 2011

I det siste nummeret av Jeger hund & våpen, les eies mellom anna dette:

Det er årsmøtet i april som avgjer størrelsen på fellingskvota. Mens avskytningen trolig blir noe redusert på Nordområdet, legger villreinutvalget opp til økning i jaktkvota for sørområdene. Årsaken er at villreinstammen i Sørområdet er blitt for stor.

Kvoteforslaget som blir lagt fram for rettighetsinnehaverne er på 880 dyr totalt. I fjor var det en fellingskvote i Nordområdet på 649 dyr, og i Sør på 180.

(….)

I Sørområdene var det 834 dyr, noe som er ca 50 dyr mer enn beregnet.

Med atterhald om at tala er rette, at dei vert vedtekne og at det som er skrive er rett tolka, vil jaktkvoten i Sørområdet kanskje bli auka med ein stad opp mot 100 dyr.

Dette er svært uheldig for dei som ynskjer ei naturleg innvandring av rein frå Skjåk til Luster, og kven ynskjer ikkje det, her i Luster… Viss villreinstamma på Skjåk-sida av fylkesgrensa no vert redusert, så vert sjansen for ei utvandring frå Skjåk og inn i Luster (av rein) mykje mindre.

Ein slik situasjon har eies åtvara mot i over ti år. Men å proklamera med høg røyst: “Kå va da eg sa…!” har truleg lite for seg.

“Naturleg innvandring” er ein kjempefin reetableringsmetode, det. Men me lever ikkje lenger i ein tilnærma naturtilstand, som til dømes i steinalderen. Villreinstamma er i dag gjennomregulert med flyteljingar, beitekonsulentar, kvotar og avskytingsplanar. Det ville nærast vore ein sensasjon om Sør-Skjåk hadde gått med på ei større auke i villreinstamma over tid.

Motstanden mot utsetjing av villrein i Luster sin del av Breheimen, er tragisk.

Luster Venstre om villreinen

mars 6, 2011

Medan jentene gjekk skiskyting i går, fekk eies ei overraskande, men desto meir hyggeleg telefonoppringing som kunne fortelja at Luster Venstre hadde eit innlegg om villrein i Sogn Avis. Denne føremiddagen sat eies og hang litt både med nebben og lepen, men dette var verkeleg ei oppmuntring som varma! Luster Venstre har tidlegare sagt at dei er miløpartiet i kommunen. Innlegget tyder på at dette ikkje berre er tomme ord:

Villreinen i Luster

(Dette bildet var brukt som illustrasjon til innlegget, litt maskert rett nok. At Avisa ikkje skriv kven som er fotografen gjer ingen ting i denne samanhengen… )

Ynskjer Luster kommune ei berekraftig stamme av villrein i Breheimen nasjonalpark?

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Luster kommune engasjerte førsteamanuensis Jonathan E. Colman ved UMB til å utarbeide ein rapport om villreinen sin bruk av Breheimen.

Denne rapporten konkluderer med at til trass for tidlegare mislykka forsøk på reetablering av villrein i området så kan eit nytt forsøk bli vellykka. Det er skissert fleire modellar for korleis dette kan gjerast, frå naturleg reetablering m.a.o. ein lar naturen freiste å reetablere reinstamma. Dette vil ta minium 15-20 år og krev freding av villreinen både her og i tilstøytande område. Eller ein kombinerer ei naturleg reetablering saman med utsetjing av rein som vert gjeta i 4-5 år. I tillegg er det naudsynt med fôring på strategiske stader om vinteren.

Jonathan E. Colman avsluttar rapporten sin med at han har tru på ei vellykka reetablering av villreinstamma i Breheimen.

Luster Venstre ynskjer ei rask og effektiv reetablering av villreinen i Breheimen og vil be Luster kommune saman med Fylkesmannen og Direktoratet for naturforvaltning å arbeide for ei slik løysing.

Jon Ove Lomheim

Leiar for Luster Ventre

———————————————————————————————–

Nedanfor har eg skanna det originale innlegget som stod i Sogn Avis:


Avisinnlegg i Sogn Avis

februar 24, 2011

I dag stod dette innlegget i Sogn Avis:


Eg er djupt såra og vonbroten”

Slik ordla ein kjend politikar frå Sogn seg, i 1971. Utan samanlikning elles, sit eg med litt av den same kjensla i desse dagar. Eg var nok naiv då eg for ei stund sidan trudde at alle gode krefter endeleg drog same vegen.

Mykje tyder på at Luster kommune er i ferd med å seia “Nei takk!” til ei utsetjing av villrein, finansiert av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Direktoratet for Naturforvaltning (DN) og sponsorar. Dette gjeld også store deler av arbeidet som denne gongen ville ha vorte utført av løna tilsette. At kommunen på denne måten seier “Nei takk!” til arbeidsplassar, aktivitet og attraksjonar er vanskeleg å forstå. Faglege grunnar til ei slik haldning ser eg ikkje. Bonusen er at me til og med kan sitja att med ei ny villreinstamme…!

Det gjeld difor “å smi medan jernet er varmt”. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjeve Luster tilbod om ein gåvepakke når det gjeld korleis me skal få villreinen attende, i samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark. Eit så gunstig tilbod vil nok ikkje Luster få fleire gonger. Somme vil sjå om reinen trekkjer hit “av seg sjølv” sidan stamma i Skjåk akkurat no er nokså stor. Slik eg ser det, vil dette neppe resultera i noko meir enn nokre ustabile bukkar på sommarsbeite. Difor vil kravet om ei utsetjing truleg dukka opp att på nytt, om nokre år. Eg håpar eg tek feil, men då vil det truleg bli mykje vanskelegare å gjennomføra ei utsetjing. i alle fall på dei gunstige vilkåra Luster har fått no i dag. Men sjølvsagt: Ei gåve har me alle full rett til å seia “Nei takk!” til.

Engasjementet for villreinen vil nok alltid vera der, men eg kjem i alle fall til å trappa ned engasjementet mitt for ei utsetjing. Triveleg hadde det vore viss ungdomar ville engasjera seg meir i villrein-saka. Eg kjenner mange spreke ungdomar, nokre av dei er også jegerar, men sjølvsagt må ein ikkje vera jeger eller grunneigar for å ynskja villreinen attende til fjella våre. Trur me må vera opnare for å sleppa yngre krefter til. Med all respekt for alderens visdom: På det siste møtet i prosjektgruppa var min kvite hårmanke den aller yngste…..!

At underskrivne er “såra og vonbroten” er heilt uvesentleg i denne samanhengen. Det som er tragisk, det er viss ikkje Luster forstår kor mykje lettare alt går, og kor mykje betre resultatet blir, viss ein vel å “smi medan jernet er varmt”. Så vidt eg hugsar var “kaldesmed” nærast eit skjellsord, i alle fall tidlegare.

Einar Ese, Jostedalen.


Han eies kastar korti, kva skal han gjera med denne bloggen?

februar 6, 2011

Denne bloggen vart i si tid starta opp for at Luster skulle få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen. Håpet var at ein i tillegg til “naturleg” reetablering, også skulle gjera ei utsetjing. Håpet har i det siste svinga, men mykje tyder no på at motmakti innan det etablerte villreinmiljøet og i byråkratiet vert for stor. Dessverre.

At kommunalt tilsette så vel som fylkeskommunalt- og  også statleg tilsette ut frå si private og personlege overtyding brukar makti si til å trenera og påverka utfallet av saker, det er neppe eit sjeldant fenomen. Dei fleste av oss veit nok at det er slik, og dei som har vore i kontakt med maktapparatet veit det rimelegvis betre enn andre. Faglege uttalelsar vert brukte så lenge dei passar makti, men sjeldan lenger.

Alt dette var han eies klar over lenge før han gjekk inn i diskusjonen med dei etablerte i villreinmiljøet og viltforvaltningi. Det skal også presiserast at å påstå at dette er verre i det eine kontoret enn det andre, i den eine kommunen/fylket enn i andre – eller forsåvidt i landet vårt samanlikna med andre – det har ikkje han eies dekning for, i alle fall ikkje enno.

At han eies skulle vinna fram med si støtte til dei faglege tilrådingane så lenge overmakti meinte noko anna, det var sjølvsagt heilt urealistisk. Men han tenkte som Oskeladden at eg får forsøkja, så dukkar kanskje hjelpi opp. Og så var det dette med å kunna gå rakryggja fordi du i alle fall gjorde eit heilhjarta  forsøk for det du trudde på…..

Han eies har faktisk utanom reetableringsgruppa møtt - siger og skriver –  to (2) personar som ope og ærleg har sagt at dei er motstandarar av ei utsetjing. Og at folk tonar flagg og er ueinige, det er respektabelt, absolutt!  Sjølvsagt kan det finnast fleire. Men han eies har etter kvart tala med nokså mange.

Men hjelpi eies håpa på er som folk flest: Dei vil sjølvsagt ikkje koma i ugreie med viltforvaltningi (Tenk om dei ein gong skulle koma til å få ein rapport på seg om nattjakt…)  Dei pratar om veret og fotball, les VG og ser på  TV2. (Det gjer også eies, om enn sjeldan, og det treng nødvendigvis ikkje vera noko gale i det). Dei stolar på at  “dei styrande”, “dei som har greie på det” ordnar opp i det meste.  Og at faglege tilrådingar vert ignorerte, det er vel ikkje så uvanleg. “Desse hersens forskarane” og “desse pokkers vitenskapsmennene” er no likevel nokre tullebukkar fullstendig utan bakkekontakt og kontakt med “oss på grasrotplanet”, me som verkeleg veit kor skoen trykkjer.

Han eies har lært utruleg mykje gjennom kanpen mot, eller kanskje rettare: Det som skulle ha vore samarbeidet med byråkratiet og tilsette i fylke og kommune. Sjølvsagt kan det ikkje vera slik at dei av oss som skrik høgast får gjennomslag for sakene sine, sjølv om det ofte er dei som mobiliserer mest skrik som vinn fram  (og sjølv om Opsethen sa noko anna då han såg folkemengda som protesterte…..)

Han eies har på mange måtar vore ein naiv idealist. Skikkeleg naiv har han ofte vore. Som den ivrige jegeren han er, har han lova seg sjølv aldri å retta børsepipa mot ein rein. Kvithåra er han alt, men viss han lever nokre år til, har han hatt ein draum om å få sjå far etter villreinklauver i snøfennene kring Vangsen. Han drøymde om at viss han blei ein skjelvane olding med stokk eller gåstol så kunne han likevel stavra seg ut på verandaen (viss helsa var såpass at han  fekk lov å bu her, då…) og med ustø hand retta kikkerten mot Vangsen, og kanskje sjå spora etter reinsflokken i snøfennene der.

Dette blir nok berre ein draum for han eies, slik det ser ut no. Difor vil han,  så fri som det går an å vera frå alle bitre og hatefulle tankar, ynskja han Einar, han Olav, han Steinulf og han Hermund lukke til med den “naturlege” reetableringa dei vil satsa alle dei gode korta sine på. For Luster har i dag i samband med opprettinga av Breheimen Nasjonalpark svært gode kort på hand, om nokre år har Luster ikkje så gode kort lenger, og då kan det vera for seint. (At Colman i si tid vart headhunta av Luster landbrukskontor, er ikkje ei relevant problemstilling, lenger). Dei vil kanskje på den måten truleg klara å få ein og annan bukkeflokk hit på sommarsbeite, år om anna, inst i Nørdstedalen, Krossbakkane og Middalen. Men ei årviss villreinstamme med simler og kalvar vil her neppe bli.

Han eies håpar likevel at han tek fullstendig feil i denne spådommen!

Ny blogg om villrein!

januar 25, 2011

Me ynskjer den nye bloggen hjarteleg velkomen!

Breheimen er eit felles område, og reinen kjenner ingen kommune- eller fylkesgrenser. Informasjon bør vera lett tilgjengeleg, og det er difor flott at Ottadalen villreinnemnd ved Bjørn Dalen har drege i gang dette glimrande tiltaket.

Skilnaden på denne bloggen du er i no, Breheimen Villrein Blog, og bloggen Ottadalsreinen er at den førstnemnde har eit privat og personleg preg, medan den sistnemnde har eit offentleg preg. Begge deler har sine fordeler og ulemper.

Måtte bloggen Ottadalsreinen verta til nytte og glede

for alle som er glade i villreinen, naturen og fjellet!

Nasjonalparkstyret for Breheimen konstituert

januar 22, 2011

På nettsidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kan du lesa at Nasjonalparkstyret for Breheimen er konstituert.

Innlegg i Sogn Avis

januar 19, 2011

I dag stod dette i Sogn Avis:

Villreinen er no på veg tilbake til Luster sin del av Breheimen! 

Overskrifta er optimistisk, men vil truleg bli sanning om nokre år. Litt samarbeid er det einaste som trengst, pluss nokre reinsdyr…

Ei kommunal gruppe i Luster har no i snart 2 år jobba med problematikken: ”Korleis skal me få villreinen attende til Luster sin del av Breheimen.” Gruppa har hatt ein fagkonsulent knytt til seg: Jonathan Edward Colman. Han jobbar elles mykje med restaurering av område der dyrelivet har kome i ubalanse eller teke skade. Colman har hatt den kjende reinforskaren Egil Reimers som rettleiar under utdanninga si. Han er såleis midt i blinken for dei problema Luster har i Breheimen. Prosjektet er no avslutta, og resultatet ligg føre som ein fagrapport frå Jonathan Edward Colmam og Marte Synnøve Lilleeng: «Reetablering av villrein i Luster». Denne rapporten skal no vera lagd ut på heimesidene til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og heimesidene til Luster kommune. Viss du ikkje finn rapporten der, kan du finna han på «Breheimen-Luster Villrein Blog»: http://eies.wordpress.com/, der du finn han under innlegget: «Offentleggjering av rapporten: Reetablering av villrein i Luster kommune».

Den økonomiske sida ved arbeidet har hittil vore så godt som problemfri. Sidan Luster kommune ikkje lenger har noko ansvar i høve forvaltning av villrein, er det denne gongen difor rimeleg å forventa at staten eller «storsamfunnet», her ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i stor grad vil syta for midlar vidare til prosjektet/prosjekta. I tillegg veit me at fagkonsulenten alt har kontakt med private sponsorar som har sagt seg villege til å støtta arbeidet økonomisk.

Eit vilkår for at staten/Fylkesmannen skal støtta prosjektet økonomisk, er at det ligg ei påliteleg fagleg vurdering som grunnlag for arbeidet som skal gjerast. Det grunnlaget har me i fagrapporten frå Colman. Viss me, mot formodning, skulle velja å sjå bort frå dei tilrådingane Colman kjem med i rapporten, vil Fylkesmannen kun spandera «lommerusk» og knapt nok det på Luster. Dette er nokså innlysande.

Fleire av villreinområda i Sogn og Fjordane har vorte grunnlagde på utsetjing av rein. Dette gjeld  villreinområda: «Sunnfjord», «Førdefjella», «Svartebotnen» og ikkje minst i «Lærdal-Årdal» der det på slutten av 90-talet vart gjort ei vellukka utsetjing, og der dei no i fleire år har hatt jakt på store, flotte dyr. Også elles i landet har me fleire døme på vellukka utsetjingar.

Ved ei utsetjing av villrein må alle middel som kan gjera utsetjinga vellukka takast i bruk. Nokre av dei tiltaka som kan koma på tale er gjerde, foring og gjeting. Om det i det heile vert aktuelt med inngjerdingar eller gjerde på strategiske plassar, er sjølvsagt ikkje avgjort enno, så tidleg i prosessen. Slik topografien er i Lustrafjelli, er det slett ikkje sikkert at gjerder og/eller inngjerdingar er praktisk og økonomisk muleg.

Ein eller fleire gjetarar kan engasjerast for å følgja og kontrollera reinsflokken. Noko slikt kan kanskje kombinerast med oppsyn med rovdyr, spesielt jerv. At dyra vert utstyrte med GPS-sendar, er vel også naturleg. Bruk av motoriserte køyretøy og helikopter, kan bli vanskeleg i ein nasjonalpark, og krev naturleg nok særskilde løyve, viss det i det heile er muleg.

Det aller viktigaste ved ei utsetjing, er val av dyra som vert brukte. Her tenkjer eg mellom anna på det trekkmønsteret som dyra har nedarva frå før, til dømes mellom sommar- og vinterbeite. Viss ein får tak i rein som har nedarva kortare trekkmønster, vil det truleg vera eit klokt val.

Gjerde, foring og gjeting vil bli ein stor utgiftspost. I kva grad dei nye GPS-baserte elektroniske gjerda kan forenkla dette arbeidet, skal det bli interessant å sjå. Det er, som sagt, rimeleg å forventa økonomiske tilskot til ei utsetjing, mellom anna frå Fylkesmannen. Her er det også snakk om aktivitet og arbeidsplassar til Luster kommune. Det er positivt. Ein reinsflokk i fjella med gjetar vil heilt sikkert bli ein attraksjon. Han vil også syta for at dyra ikkje vert unødig uroa.

Kor økologiske er våre høgfjell utan villrein? Det er svært mange fordeler ved at reinen kjem attende til dette området. Me har venta i mange ti-år, men reinen har ikkje kome tilbake av seg sjølv. Viss me ynskjer eit intakt økosystem med stor rekreasjonsverdi, må me handla no!

Enkelte sauebønder har signalisert bekymring med tanke på om ei villreinstamme vil trekkja til seg jerv. Dette er eit svært viktig poeng. Slik underskrivne har oppfatta situasjonen, er denne frykta for at rein aukar jerveplaga – minst i dei austlege deler av kommunen der det alt er både jerv og rein. Men uansett er det viktig å greia ut kva verknad reinen får på rovdyr, og då spesielt jerv.

Attgroinga i fjellet vil reinen kunna begrensa, og på denne måten kompensera for færre beitande husdyr. For turismen vil villrein i fjella våre vera av umåteleg stor verdi. Ein annan ting er at fagkonsulent Colman kan visa til omfattande studiar og forsking når det gjeld samspelet mellom sau og rein. Men generelt lir vel alle stølsbeite og mange av fjellområda våre i dag under manglande beiting.

Rekreasjon for jegerar, kjøt, jakt eller jaktutleige med inntekter til grunneigarane, er vel så sjølvsagt at det nesten ikkje treng nemnast.

Konklusjonen er grei. Sjølvsagt kan ei utsetjing mislukkast. Men stort sett er det her ein vinn-vinn situasjon for Luster kommune, uansett korleis det går med utsetjinga. Ingen grunneigarar vert «tvinga» til å bla opp tusenlappar. Ingen skal «tvingast» til dugnadsarbeid. Me har ein fagkonsulent med gode mulegheiter til å finna fram til dei beste løysingane på ei aktiv utsetjing. Men sjølvsagt håpar ein at villreinfolket  i Luster vil støtta dette prosjektet på alle måtar. Mange har allereie sagt at dei svært gjerne vil gjera det. Ein slik eineståande sjanse er det nok mange som misunner oss. Luster vil neppe få ein slik sjanse fleire gonger.

Einar Ese, Jostedalen


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.