Arkiv for kategorien ‘Fisking’

Dugnad på fiskeplassar i Jostedøla

august 27, 2009
 “Me ( – og “me” er fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag) må få sluttført fiskeplassrydding-prosjektet vårt. Me har gjennomført rydding som planlagt i 2007 og så har me nokre timar i 2008, men me treng nokre timar i 2009. Er det nokre plassar som treng ein innsats som du veit om eller skal ein berre gå over plassane? Kan du få med eit par personar ein ettermiddag å rydde/utvide fiskeplassane våre?”

Plassane er:  Øy 2 plassar, Fåbergstølen  2, Ved Bresenteret 1, Gjerde 1, Haugli 1, Jostedal 1, Sperla 1, Fossøyane 1.

Dette er altså 100% frivillig arbeid som skal gjera nokre fiskeplassar lettare tilgjengelege. Arbeidet kan vera forskjellig, men rydding av skog, busk og kratt er ein vesentleg del.

Eit par timar ein kveld er bra.

Ta gjerne kontakt med Magnus Snøtun, Lasse Tuften eller Einar Ese. Det er lettare for oss å spørja folk som kan vera litt interesserte i slikt arbeid. Les om tidlegare dugnad på dette innlegget.

Elles kan du lesa smått og stort om fiske i Jostedøla her.

Aurefiske i junikvelden

juni 8, 2009

Frå gamalt lærde eg at ein jeger eller fiskar aldri skulle fortelja om fangsten eller om kor eller korleis dette skjedde. Men tidene har forandra seg…

I kveld var sonen i huset vekke knapt ein time og kom att med denne fangsten. Han tykte ikkje han kunne fiska meir, sa han. Det beit heile tida.

Fin innstilling! seier faren i huset.

Den største vog 857 gram, heile fangsten vog 2, 7 kg.

Dei beit på ein blank Mepps.

(Og så er det visst tida for å pussa linsa, ser eg….)

Oter frå Martadalen

mai 22, 2009

Oter som eg såg i ein overnattingsstad i Martadalen, og utsikt frå same staden.

Oteren håpar eg ligg der framleis. Han er heimelaga, men skal visstnok fungera svært godt. Det burde gå an å kopiera han etter dette fotoet. For ein del år sidan, etter at det var sleppt fisk i Martadalen, var fisken her svært stor, opp til eit par kilo. Var dette på 1970-talet tru… ? No er fisken helst av “vanleg” storleik, ja, det kunne nesten verka som om at vatnet var “overbefolka”.

Helleren er muligens eit gamalt herbyrgje, men han vart utvida og utgreven under ei stor steinblokk på den tida her var stor-fisk og stor-fiske. Men etter som det vert fortalt, så var ligge-plassen dessverre noko fuktig. Så kor mykje denne staden vart brukt, veit eg ikkje.

Fisketrappa i Langøyane

mai 7, 2009

Mange kjenner sikkert til fisketrappa i Langøyane, mellom Alsmo og Husøy. Men ikkje alle har sett trappa, trur eg. Fisketrappa er ein del av konsesjonsvilkåra, og det er Statkraft som har bygt-  og skal vedlikehalda trappa.

Desse bileta tok eg 2. mai 2009. Elva hadde vakse litt opp, men ved vanleg august-vannstand fossar og skummar det kvitt her, og me ser ingen ting til anlegget.

Den såkalla “trappa” ser for meg ut til å vera ei renne som er greven opp på innsida av elve-svingen. For å halda steinane på plass, er det bora inn lange “stag” med ei blå stoppskive og mutter på toppen. Dette ser ein nokså bra på det nest siste biletet.

Det store spørsmålet er: Fungerer trappa til det ho skal vera – dvs. å vera ein transportveg for laks og sjøaure, forbi det strie elvestryket og vidare framover?

Det veit eg ikkje. Dei rykta eg har høyrt, seier at ho fungerer dårleg/ikkje, og at ho er feil konstruert. Men dette må andre uttala seg om, og det kan dei gjerne gjera i kommentarfeltet under.

Plan for fiskeutsetjing 2004 – 2014

februar 7, 2009

Som medieansvarleg i fiskegruppa legg eg med dette ut planen for fiskeutsetjing 2004 – 2014:

Plan for fiskeutsetting. (Jostedal Grunneigarlag og Jostedalsbreen statsalmenning)
Navn på plass Tilstand 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
                         
Viva, elv over vatnet                        
Viva  Bør ikkje sette ut                      
Sprongdalshytta ? Er utsett før   200     200         250  
Sandhaugedalsvatnet Ikkje Gyting? 300     200       250      
Geisdalsvatnet Ikkje Gyting? 300   200     250       250  
Geisdalselva ved saltsteinane Lite fisk øverst   100                  
Vetle Geisdalsvatnet Fisken overlever   100     100            
Skåldalstjørni For mykje fisk                      
Vanndalsvatnet For mykje fisk                      
Nigardsbrevatnet Bra   200   300              
Haugafjellstølen Bør ikkje sette ut                      
Røykjadalsvatnet Lite fisk 300     250       250      
Bakkedalsvatnet For mykje fisk                      
Småvotni 3 tjønner Bra                      
Tjønner over Småvotni Tomt                      
Vatn 1152 under Liastølsbreen ?                      
Kyrkjedalsvatnet 1309 Tomt                      
Vassdalsvatnet Bør ikkje sette ut                      
Elv over Vassdalsvatnet ? Er utsett før   100                  
                         
Vetledøla Tomt                      
Jostedøla v/ Øy  Bør ikkje sette ut                      
Jostedøla v/ Fåbegstølen       150                
Jostedøla v/ Fåberg       50                
Bruvollelva v/Fåberg       100                
Nigardsbreelva                        
Jostedøla v/ Gjerde                        
Jostedøla v/ Espe                        
Jostedøla v/ Geisdøla                        
Jostedøla v/ Vanndøla                        
Jostedøla v/ Prestgarden                         
Jostedøla v/ Sperle                        
Jostedøla v/ Fossøy                        
                         
Krundøla v/Bergsetdalen       100                
Krundøla        50                
                         
                         
Holmevatnet Bra 200 250 400   500     500     500
Geisdalshalsane (2 vatn) ? Er utsett før   150   150     250       250
Klauvatnet med elv Er sett vak     50       250       100
Vatn 1365 ved Holmevassbu Fisken overlever 100     150     150       100
Tjønner over vatn 1365 ?         200   100       100
Slirevotni Fisken overlever 100     250   500       500  
Vatn 1425 Tomt                      
Vatn 1490 Tomt                      
Vatn 1431 Tomt                      
Båtedalsvatn Tomt                      
Styggevatn / Austdalsvatn Tomt ???                      
Kupevatn Svært lite fisk                      
                         
                         
                         
                         
                         
totalt antall fisk   1300 1100 1100 1300 1000 750 750 1000 0 1000 1050
                         
Oppdatert 20.11.2008   2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014

Lasse T. har her gjort ein grundig jobb. Magnus S. og Einar E. var med på å godkjenna planen. Planen vart godkjend. Hugsar at me mellom anna diskuterte om det var vits i å setja ut fisk i Styggevatnet.

Møte i Jostedal grunneigarlag

november 2, 2008

Rett før helga var eies på eit møte i Jostedal grunneigarlag. Grunnen til at han vart innkalla, var nok at han har vore med i ei nemnd/gruppe som har jobba med utsetjing av setjefisk og tilrettelegging og skilting av fiskeplassar. Møtet var både hyggeleg og interessant.

Frå Gaupne kom (pensjonert…?) veterinær Olav H. og orienterte om kultivering av sjøaure- (og lakse-) stamma i Jostedøla. Jakt- og Fiskelaget (i Gaupne/Luster…?) har lagt ned mykje arbeid dei siste åra. Dei har fanga stamfisk av sjøaure (og laks…?)  på Alsmo. Vidare drive utsetjing av befrukta rogn/augerogn i Josteøla, bekker og løkjer – også framafor Alsmo. Statkraft har vore forplikta til å byggja ei fisketrapp i Langøyane (?), mellom Alsmo og Husøy. Denne fisketrappa har ikkje vore vellukka, og det kom på møtet fram spørsmål om denne trappa er godt nok utførd og planlagd. 

På møtet kom det fram forslag om å utvida den sjøaure- (og lakse-…?)førande strekninga ved vidare arbeid i elva mellom Fossen og Fossøyane. Det er i utgangspunktet positivt å få sjøaure (og laks) lenger fram i elva. Ulempa kan vera at ein då får innført ei fredingstid td. i Fossøyane frå 15. september til 1. juli, sjå: her. I tillegg vert det då innført ein minstestørrelse på 30 cm i den del av Jostedøla der det går (laks) eller sjøaure.

Veterinæren poengterte at han meinte at “me” ikkje skulle fiska på yngel som var resultat av kultiveringsarbeidet til Jakt og Fiskelaget. Han brukte ma. biletet “å fiska på konfirmantar” [som skulle bli mykje, mykje større - om dette].

eies forstår Jakt- og Fiskelaget som vert fortvila over at arbeidet deira ikkje blir større verdsett. På den andre sida meiner eies det er feil viss ein gut eller ei jente saman med td. mor eller bestefar skal bli kriminaliserte viss dei dreg opp eit par løkafiskar i Myten eller Grisurdi. eies meiner at også dette fisket er svært viktig – ikkje minst for rekrutteringa til jakt, fiske og friluftsliv.

Møtet konkluderte med at ein førebels ikkje skal arbeida for å få (laks og) sjøaure forbi Fossen. I staden skal ein kontakta Statkraft for å få til ei fisketrapp som fungerer i Langøyane.

- – - – - – -

Så kom reetablering av ei villreinstamme opp, det skulle veljast ein representant frå grunneigarlaget til ei nemnd leia av Fylkesmannen ved Hermund Mjelstad. Slik medlemer av grunneigarlaget såg det, hadde dei ein otte for auke i jerveproblema viss ein lukkast med å reetablera ei villreinstamme.  Mellom anna vart det trekt fram ein bonde i Offerdalen som nyleg har hatt store tap.

Trass i tilløp til diskusjon, kom det framlegg om eies som representant. Han trudde ikkje at noko slikt gjekk an, men vart vald, overraska, glad og takksam. Og eies håpar at han kan gjera eit bra arbeid i denne nemnda – til beste for grunneigarane i Jostedalen. Slik at bøndene/grunneigarane forhåpentlegvis sit att med ein positiv vinst ved dette prosjektet.

Store og små fiskar frå Jostedalen

januar 15, 2008

Har du fiskebilete, send dei til einar-es@online.no Papirbilete går også fint!

På oppfordring frå Ottar T., har Frode K. sendt dette biletet av to fiskar han fekk ein august-dag i fjor. Den feitaste vog 900 g., den tunne vog 800 g.:

dsc00087

Frå hølen ved bekkeinntaket i Fagredalen. Trur ikkje nokon har fått fisk her før.

p1000150

Frå prøvefisket i Sandhaugedalsvatnet i sommar. Det var mange rundt 150g, men fisken var feit og fin. Dei som var med var Ottar T., Lasse T. og Grekaren.

p10001542

Anders Olav fekk desse to aurane på 615g og 650g veg utlaupet av Nigardsbrevatnet. Agn var “Gulp” og “Mepps”:

————————————————————————————

01.09.2008: Sonen i huset fekk denne fisken i Viva-tjønni på “Gulp” (kunstig makk). Han fekk ein til same kvelden, litt mindre.

2007_07_13-050-ingar.jpg

Nigardsbrevatnet. Ingar N. har teke dette vakre biletet.

bakkedalen-1.jpg

Bakkadalsvatnet for 7 - 8 år sidan. Stig Omar E. og Lasse T. (Fint komponert foto!)

sommar-2006-070.jpgsommar-2006-068.jpg

Slirevotni. Her kjem den “legendariske” fisken som Ottar Tuften tok i Slirevotni sommaren 2006. 1,2 kg på Droppen spinnar. Har høyrt ikkje-verifiserte rykte om fleire fiskar frå dette vatnet. Men er det berre tomme rykte…

Sjå på fotoet der Ottar er på veg inn mot Slirevotni. Ikkje mykje frodig vegetasjon å sjå, akkurat. Men i slike vatn i slik karrig natur finn me ofte dei største fiskane.

bilde-064.jpg

Store Geisdalsvatnet. To “pene” fiskar , som det heiter. Lasse Tuften tok dei i Store Geisdalsvatnet.

einar-163.jpgholmevatnet.jpgholmevatnet-2.jpg

Holmevatnet. 1)  Ikkje spesielt stor, men fargen var så fin då eies fekk han. Nesten som ei hann-røye. 

2) og 3) Tre fiskar som LT tok det året Holmevassbu vart bygd. 500g – 1.1kg – 1,6kg !

einar-128.jpg

Viva-tjønni. Trur desse er fiska i Viva-tjønni, av eies og etterkomarar. Kanskje ikkje over minstemålet, alle. Men dei minste aurane smakar no best. (Eg plar eta dei med skinn og bein, men ikkje fortel det til nokon…)

bilde-240.jpgbilde-242.jpgbilde-243.jpgbilde-265.jpg

Martadalen. 1) Frukost-auren. 2) Oterfjøl. Interessant design og handverk av ST. Denne typen heimelaga fjøl skal gå ekstra lett og godt. Og så slepp ein å bera alt metallet som er på dei kjøpte fjølene.  3) Dette “herbyrget” er utgreve i nyare tid – av Å-karar og ON. Men liggeplassane kan vera litt fuktige og råe, har eg vorte fortalt. 4) Utsikt frå det same herbyrget i Martadalen. God plass inne, og flott utsikt. Juridisk høyrer ikkje Martadalen til Jostedalen. Men reinsjegerar frå Jostedalen jakta mykje her den gongen det var rein i fjella. Sidan vegen hit kanskje er kortast frå Jostedalen via Holmevatnet, har mange jostedøler fiska i Martedalen.

geir-berdal.jpg

Jostedøla. “Laksen på 17,5 kilo, er den største som nokon gong er tatt i Jostedøla i Luster. Og kva skal så Geir Berdal med den? Jau – avstøyping av prakteksemplaret og opp på veggen i staua med den. Fotografen Kari Kråkenes, sukkar tungt… ” (Firda.no) Les meir: http://www.fiskeguiden.no/fiskeGuiden/login.php?side=VisNye&NewsID=1507

Litt frå Fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag

januar 12, 2008

For nokre dagar sidan var eg med  på mitt første møte i Fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag. Dei andre to var LT og MS. Eg trur at noko av det gruppa skal ta seg av, er å organisera utsetjing av setjefisk. Dessutan vart det i haust merka og rydda ein del fiskeplassar.

bilde-023.jpgDet kan sikkert seiast mykje om dette. For eksempel om det er lurt å visa turistane dei gode og hemmelege fiskeplassane våre.

Om ein skal rekna kiloprisen på auren som vert fanga i Jostedøla i høve til antal fisketimar, så vert nok fisken svært, svært dyr. Så tenkjer ein slik, så er det nok heilt sikkert andre ting vassdropane i elva burde ha vore brukte til.

bilde-030.jpg

Desse utskorne fiskane som EB har laga skal visa vegen til fiskeplassane.

sommar-07-098.jpg

Ein dugnadsgjeng i nærleiken av Båtedøla.

sommar-07-099.jpg

I Sildaløken er det heilt sikkert ikkje sild. Men fin sand.

bilde-057.jpg

Her har eg faktisk fått fisk. For fire år sidan. På sluk. Før 17.mai.

sommar-07-095.jpg

Fram mot Øy er det fint. Det er liten sjanse for å møta bjørn. Litt større sjanse til å sjå hjort eller elg. Men det er no artig det og.

bilde-053.jpg

Dugnadsgjengen oppsummerer dagen, og legg planar vidare. 

LT har laga ein plan for fiskeutsetjingar i perioden 2004-2014:

Plan for fiskeutsetting. (Jostedal Grunneigarlag og Jostedalsbreen statsalmenning)
Navn på plass Tilstand 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
                         
Viva, elv over vatnet                        
Viva  Bør ikkje sette ut                      
Sprongdalshytta ? Er utsett før   200     200     200     200
Sandhaugedalsvatnet Ikkje Gyting? 300     200     200     150  
Geisdalsvatnet Ikkje Gyting? 300   200     250     250    
Geisdalselva ved saltsteinane Lite fisk øverst   100                  
Vetle Geisdalsvatnet ? Er utsett før   100     100       150    
Skåldalstjørni For mykje fisk                      
Vanndalsvatnet For mykje fisk                      
Nigardsbrevatnet lite men stor fisk   200   300       300     300
Haugafjellstølen Bør ikkje sette ut                      
Røykjadalsvatnet Lite fisk 300     250     250     250  
Bakkedalsvatnet For mykje fisk                      
Småvotni 3 tjønner Bra                      
Tjønner over Småvotni Tomt                      
Vatn 1152 under Liastølsbreen ?                      
Kyrkjedalsvatnet 1309 Tomt                      
Vassdalsvatnet Bør ikkje sette ut                      
Elv over Vassdalsvatnet ? Er utsett før   100                  
                         
Vetledøla Tomt                      
Jostedøla v/ Øy  Bør ikkje sette ut                      
Jostedøla v/ Fåbegstølen       150                
Jostedøla v/ Fåberg       50                
Bruvollelva v/Fåberg       100                
Nigardsbreelva                        
Jostedøla v/ Gjerde                        
Jostedøla v/ Espe                        
Jostedøla v/ Geisdøla                        
Jostedøla v/ Vanndøla                        
Jostedøla v/ Prestgarden                         
Jostedøla v/ Sperle                        
Jostedøla v/ Fossøy                        
                         
Krundøla v/Bergsetdalen       100                
Krundøla        50                
                         
                         
Holmevatnet Bra 200 250 400   500     500     500
Geisdalshalsane (2 vatn) ? Er utsett før   150   150     200     200  
Klauvatnet med elv ? Er utsett før     50       150     150  
Vatn 1365 ved Holmevassbu Fisken overlever 100     150     100     150  
Tjønner over vatn 1365 ?         200   100     100  
Slirevotni Fisken overlever 100     250   750     600    
Vatn 1425 Tomt                      
Vatn 1490 Tomt                      
Vatn 1431 Tomt                      
Båtedalsvatn Tomt                      
Styggevatn / Austdalsvatn Tomt ???                      
Kupevatn Svært lite fisk                      
                         
                         
                         
                         
                         
totalt antall fisk   1300 1100 1100 1300 1000 1000 1000 1000 1000 1000 1000
                         
Oppdatert 06.12.2007                        
                         

 

 

Utbygging av Vigdøla og Vestsideelvane i Jostedal

mai 16, 2007

UTBYGGING AV VIGDØLA OG VESTSIDEELVANE I JOSTEDAL  

 

(Dette innlegget har tidlegare stått på trykk i Sogn Avis. Me får tru at ikkje vassdraget vert gjort om til ein ørken.  - eies -  )

 

På eit folkemøte i Jostedal den 8. februar la Statkraft fram planar for vidare kraftutbgging i Jostedal. Planane kom og  fram i eit avisoppslag i Sogn Avis 3. juni, der ein kunne lesa at ” Statkraft ønskjer å realisera nye utbyggingsprosjekt der omsynet til miljø er like viktig som omsynet til økonomi”. Utbygginga går ut på å overføra restvassføringa (!) i Vigdøla til ein ny kraftstasjon på Myklemyr, med avløp til eksisterande djupvassutslepp i Gaupnefjorden.  Til saman 8 mindre elvar frå og med Hompedøla på Myklemyr, til og med Tverradøla i Krundalen, er planlagd overført til Tunsbegdalsdammen ,og vidare til djupvassutslepp. Det er opplyst at dette utgjer   ca. 16 % av vassføringa i Jostedøla i dag, og er i det alt vesentlege klart vatn, som ikkje er brepåvirka. Frå salen vart det spurt om Statkraft hadde vurdert kva konskvensar ei slik utbygging  ville få for temperaturen og fisken i elva , og svaret var at dette, saman med andre miljøomsyn, skulle utredast i den vidare planleggingsfasen.

For Jostedøla føreligg det mange tidlegare fiskeribiologiske rapportar, og av dei går det tydeleg fram at vasstemperaturen er den klare minimumsfaktoren for fiskeproduksjon i vassdraget. For at lakseyngel skal ta til seg næring på plommesekkstadiet treng han ein temperatur på minst. 70 C, for aure er tilsvarande temperaturkrav 40 C. Dette på grunn av at stoffskiftet til yngelen ikkje fungerer når temperaturen vert lågare. Ved låg temperatur veks og eldre fisk seint,  og vaksen fisk har vanskeleg for å passera vandringshinder på veg opp eit vassdrag. 

Temperaturmålingar på Myklemyr i ei årrekke, viser at temperaturen i den perioden yngelen kjem opp av grusen, og skal ta til seg næring,  stort sett ligg rundt 6 grader, og  under det lakseyngel treng for å ta til å eta. Når likevel lakseyngel utgjer ca. 2% av yngelen på den anadrome strekninga, kjem dette truleg av at ein og annan er så heldig å få veksa opp ved ei oppkomme eller ein bekkeos. 

I samband med skjønnet ved den forrige utbygginga i Jostedal, vart det lagd fram ei vurdering av kva dette ville få å seia for fisk og fiske i elva. Det vart då lagd ei ”takrenne” frå Smådalane til Styggevatnet, og det vart teke inn både brevatn og klart vatn som går på djupvassutsleppet.  Konklusjonen den gongen vart at temperaturen truleg ville stiga med ei grad etter utbygginga, resultatet har i ettertid vist seg å verta ei temperatursenking  på om lag ei grad. 

Av di temperaturen i Jostedøla i dag er heilt marginal med tanke på fiskeproduksjon, har ein etter Luster Jakt- og Fiskelag si vurdering ingen ting å gå på når det gjeld å senka temperaturen ytterligare. Me fryktar derfor at dersom den planlagde utbgginga, med ”takrenne” på begge sider av dalføret, bortsett frå stort sett berre nokre breelvar heilt fremst vert realisert, vil dette øydelegga det fisket ein trass alt har i dag, og i tilleg riva beina under aktuelle biotopforbetrande tiltak. Skal sideelvane byggast ut, må dei etter vår meining ha avløp til Jostedøla på ein slik måte at dei flate fiskeproduserande bekkene i dalbotnen vert upåvirka. 

For Luster Jakt og fiskelag

- kultiveringsgruppa-

Olav Hermansen

 

Fiskedaude i Viva-tjønni?

april 21, 2007

Når du køyrer vegen mot Styggevatnet, og like etter du har passert staden der turiststien tek av mot Sprongdalshytta, ligg Vivatjønni. For mange (10 – 15?) år sidan, var det store mengder småfisk i tjønni. Seinare ser det ut til at antal fiskar har gått ned, medan størrelsen har gått litt opp.

Viva-tjønni er ikkje staden for dei store fiskefangstane eller rekordfiskane.  Men for den som vil ta med ungane sine på fisketur, er staden bortimot ideell. Medan Jostedøla absolutt ikkje er nokon trygg stad for å læra ivrige krabatar å fiska, er Viva-tjønni reine idyllen – viss veret er brukbart. Dett småjenta eller -guten på tjønni er det ingen problem å få dei i land. Eg har hatt mange fine turar hit med ungane då dei var mindre. Diverre vart eg oftast lei før dei…

Etter utbygginga minka max. vannstand i tjønna med om lag 1,5 m (Skal sjekka dette til sommaren). I turkesomrar søkk vanstanden endå meir . Eg har eit foto som diverre er altfor mørkt. I tillegg var vannstanden byrja å stiga att etter at tjønni hadde vore på det minste. I området øvst til høgre har tjønna eit grunnt parti. Her har eg sett at fisk har vorte ståande att i  småpyttar etter at vannstanden har gått ned:

mari-389.jpg

(Neste år skal eg leggja ut eit betre foto. Kanskje eg kan få einkvan til å halda opp litt daud småfisk også…)

Eg trur at sjefsøkonomar i eit kraftselskap har store vanskar med å forstå dette – at dette er noko å snakka om?  Dei spør truleg etter kor mange kg fiskefangsten er årleg, eller kor mykje ein tener på sal av fiskekort.

Men for den som har hatt ein fornøgd unge med på fisketur i Viva, kan dette ikkje mælast i pengar.

Og betre kveldsmat får du neppe:  

einar-128.jpg