Like før jul føreslo ein god ven at eies som juleførebuing kunne laga ein marsipanmodell av villreinprosjektet. Av ymse grunnar vart det ikkje noko av dette, men i dag, 02.01.2012, er likevel modellen ferdig.
Ei grunnleggjande lov for kunstnarar seier at du aldri skal gi deg ut på forklaringar og diskusjonar kring kunstverket du har laga. No er det tvilsamt om det er grunnlag for å kalla eies for kunstnar. I høgda er ein dårleg til middels handverkar og amatør.
Grunnlaget for prosjektet er at J. Colman vart tilsett (etter tilråding frå Luster landbrukskontor) som fagkonsulent for å laga ein prosjektrapportom “Reetablering av villrein i Luster”. Reetableringsnemnda (med sterk støtte frå Luster landbrukskontor) forkasta denne rapporten.
På marsipanmodellen ser me reetableringsnemnda nede til høgre. Dei vil ikkje gjera noko aktivt tiltak for å få villreinen hit, og har difor sett seg i ein sofa. Dei smiler og er fornøgde, sjølv om villreinen ikkje har trekt over til Luster.
Lenger til venstre står det tre personar med geipen (munnvikane) nedover. Det er M. Lilleeng, J. Colman og E. Ese. Dei er misfornøgde og har surefjes.
Litt lenger til venstre står det fem stk. Dei symboliserer jostedøler. Saman med E. Ese er dei forundra over kvifor ikkje reetableringsnemndi vil føreslå å freda Tverreggi. Jostedølene er kloke, og det er svært få av dei som ope har tona flagg i denne saka. Men nokre er det.
Heilt nede til venstre ser me Bruheim & Alme Frå Luster Venstre. Dei er stort sett dei einaste som har forsvart konsulenttilrådinga frå Colman.
Oppe til venstre ser me ein modell av Styggevatnet, og over der igjen nokre digre reinsbukkar som merkeleg nok har trekt hit om sommaren.
Litt lenger til høgre står det fire gudbrandsdøler. Trur det må vera K. Granum og B. Dalen – kven dei andre to er, er eies ikkje sikker på.
Mellom Sprongdalen og Sumarkvile er det på Gudbrandsdalssida freda eit område for villreinjakt. Vonde tunger påstår at her ikkje er so mykje rein, akkurat. Det vil ikkje eies utala seg om. På lustra-sida er all villrein freda.
Heilt opp til høgre står J. Danielsen frå DN. Han har “all makt” (nesten) og kruna på hovudet hans er eit symbol på det. Han står på ein høg pidestall og skodar utover Ottadalen villreinområde.
Sjølv om det er store mengder rein på Skjåk-sida, er det så godt som ingen som trekkjer over til Luster. Viss bukkane har ein snøggtur inn i Nørstedals-området, er dei snøgge til å kliva over grensa att til Skjåk. I sommar har ingen sett rein på Lustra-sida. Ikkje ein gong i (Det-er-lugumt-med-rein-) Krossbakkane.
På lustrasida er det grønt og godt beite, på Skjåk-sida gult og litt dårlegare beite. Bukkane har svære gevir, simlene har pingle-horn og kalvane er modellerte utan gevir. Grensa mellom Skjåk og Luster er raud, som seg hør og bør.