Rein på Molden!

Underskrivne er med i ei nemnd som skal arbeida for reetablering av villrein i Luster sin del av Breheimen/Ottadalen villreinområde. I 1997 vart det gjort eit forsøk med utsetjing av rein, kjøpt inn frå Røros. I kortversjon: Forsøket vart mislukka. (Kan lesa meir om dette her.)

Somme stiller seg skeptiske til fleire slike forsøk. Underskrivne har likevel tru på at det kan gå bra, berre forsøket vert godt planlagt og fugt opp. «Det e itjnå som kjæm tå sæ sjøl!» (Vømmøl)

Skal no visa korleis Ola Flåten frå garden Øyna, Indre Hafslo lukkast med noko liknande på Molden  i 50-åri.

Det er Margit Flåten Løland som har vore så venleg og lånt ut bilete og opplysningar. På biletet over er ho fotografert som konfirmant i kvit kjole saman med far sin: Ola Flåten, gjerne kalla «Flåt-Olen», og ei jente (som i dag heiter Margit Kjørlaug Malme). Attmed dei er ein av reinsbukkane som vart sette ut på Molden. Ho fortel at reinane var tamme som sauer, og kom viss dei hadde med brødskalkar eller anna godt.

Margit er ei utruleg interessant dame. Ho var ma. den første kvinnelege lastebilsjåfør i landet. På Radio Luster ligg det fleire intervju med henne. Leit på «Våren 2009» , 16.01.09 0g 23.01.09.

Far til Margit, Ola Flåten og kona fotografert attmed ein rein. Ola var gift med Kari Mosevoll (som var syster til Hermund Mosevoll – han som sette opp alle steinstolpane på Mosevoll i Jostedalen, mellom anna). Ola var ein føregangsmann og pionær på mange område, ma. var han den første i distriktet som tok i bruk bulldosar.

I 1949 henta Ola tamrein frå Sanderstøl i Valdres. Han hadde vore på Molden og merka seg all kvitmosen der. Inngjerdingane frå fjorden gjorde at reinen kunne flytta seg ned på den sida der Øyna låg. Det hadde aldri før vore rein på Molden.

Ti tamrein blei frakta med lastebil eit stykke opp på fjellet – til staden som vert kalla Krossen. Resten av distansen leidde han dei.

Margit og ein av reinane

Kvifor gjorde Ola Flåten dette?  Delvis var det nok med håp om at dette kunne verta ein del av inntekta på garden. Etter planen skulle kjøtet saltast og sendast til Bergen.

Men slik eg ser det, så må han ha vore ein som stadig var ivrig etter å prøva noko nytt. Han var jo ein pionær innan lastebilkøyring, og som tidlegare nemnt var han den første her i distriktet som tok i bruk bulldosar. På garden hadde dei avlsstasjon for hest, gris og storfe. Ola var mykje ute på reiser, og då var det den arbeidssame od dyktige kona: Kari, som hadde ansvaret. Han var sterkt samfunnsengasjert, og la ned mykje arbeid og tid på mange ulike felt. I våre dagar hadde han vel vorte kalla  innovativ,  gründer, entrepenør, etablerar…

Det som sette ein stoppar for denne næringa, var overproduksjon, rovdyr og krypskyting. Ola var utsett for at fleire dyr vart tekne av snøras kvart år, og fleire tilfelle av tjuvjakt.

Einar Flåten, son til Kari og Ola, og bror til Margit, var lastebilsjåfør som faren, og han er vel godt kjend av dei fleste her i Luster. Her er eit ungdomsbilete av han saman med ein rein.

I 1952 begynte naboane å klaga over at reinen kom ned i hagane og åt opp grønnsaker, frukt og liknande. Det vart sett i gang ein underskriftskampanje, og brevet frå 30.08.1952 gav grei beskjed om at viss dei ikkje la ned reindrifta, ville det bli rettsak. Åtte personar frå Marifjøra signerte, og Ola fekk frist til 01.11. same året – til å få reinane fjerna. Ola la ikkje ned reindrifta med det same, men det blei likevel inga rettsak.

Etter om lag åtte år som reindriftar, la Ola ned denne verksemda. Det hadde ikkje vore lønsomt, men han misste likevel ikkje interessa for dyreavl. Margit Flåten Løland var konfirmant i 1955, og ho hugsar at dei hadde rein i alle fall eit par år etter dette.

Eit bilete som i tillegg til dårleg framkalling og kopiering, har fått hard medfart. Tek det med likevel då det er interessant av fleire grunnar. Det viser Einar Flåten og ein konfirmasjons-gjest saman med ein reinsbukk. På denne tida då Margit vart konfirmert, var konfirmasjonen om hausten. Difor har bukken gevir.

(Det eg har skrive, byggjer på opplysningar eg har frå Margit sjølv, og frå Grete Liheim, dotter hennar –  som har skrive ei oppgåve om garden «Øyna» der ho også fortel om denne reinsdrifta.).

6 kommentarar to “Rein på Molden!”

  1. fos Says:

    Interessant detta. Kanskje eg skulle prøva å setta ut rein på Hellebø?
    Elles har du gjort ein flott jobb med skanningen av bileta.

  2. eies Says:

    Med det byråkratiet me har i dag hadde det neppe vore enkelt!

    Skanninga gjekk flott. Måtte berre ha litegranne hjelp på to av bileta.

  3. SB Says:

    Dette var ukjent men svært interessant. Eies, du har her fått fram ein viktig del av tidlegare tiders bruk av fjell og utmark. I tillegg er det gode skrive. The best blogg-innlegg ever!

  4. eies Says:

    Takk SB! Og eg er heilt einig. Korkje President Juan Antonio Samaranch eller eies kunne ha sagt det betre:

    The best blogg-innlegg ever!

    Dette var ord som varma. Like godt som den olympiske elden!

  5. Jostedal historielag » Tamrein på Molden Says:

    […] Breheimen-Luster Villrein-blogg har Einar Ese skrive eit særs interessant stykke om tamreindrifta til Ola Flåten på garden Øyno på Indre Hafslo i 1950-åra. Her ligg òg fleire […]

  6. Rein på Molden! (Framhald) « Breheimen-Luster Villrein Blog Says:

    […] Bjønnaposten i år ville ha med noko eg har skrive om då “Flåt-Olen” hadde rein på Molden. Dette kan du også lesa her. […]

Kommenter innlegget