Kva dyr flår skinnet av juret på skadeskoten hjort…

By eies

Som ettersøksjeger kan ein koma bort i mangt og mykje. Ettersøksjegerane i Luster Ettersøksring har likevel ei sjølvpålagd teieplikt: Ingen skal vera redde for at ei skadeskyting skal spreiast og verta “buaprat” eller “prat over kaffikoppen” pga oss. Kva jegerane sjølve ynskjer å fortelja eller ikkje fortelja, er noko heilt anna. Denne praksisen meiner eg er klok, og me prøver å leva etter den så godt me kan.

Bileta over er etter kvart vortne “litt” gamle. Kvar dei er tekne, kan likevel vera det same. Dei vart tekne med ein mobil, så kvaliteten er ikkje på topp.

Dette hende for fleire år sidan ein stad i kommunen. Hjorten låg i alle fall daud om morgonen. Men kva slags dyr er det som har flådd av skinnet på juret i løpet av natta… ? Dette får vera den nye quizen. Men denne gongen veit eg  ikkje svaret.

Det har nok kome fuglar og pikka i kjøtet, men kan dei flå av skinnet slik? Og går ikkje fuglane oftast laus på augene først? For ordens skuld: Skotet var plassert på ein heilt annan stad på hjorten.

4 kommentarar til “Kva dyr flår skinnet av juret på skadeskoten hjort…”

  1. Ove seier:

    Er i tvil, gaupe eller sibirtiger.

  2. eies seier:

    :-) :-)

  3. alb seier:

    Me veit at det er slik bjørnen behandlar sauene, men om den behandlar hjorten slik veit eg ikkje. Kan dette vere frå 2006 eller 2007 då me veit at bjørnen var her?
    Når bjørnen har fjerna juret på sauen kan det sjå ut som nokon har brukt kniv, og det kan det mest sjå ut som her og.

  4. eies seier:

    Ja, ein jeger i ettersøksringen føreslo faktisk bjørn på direkten. Men dette var etter det eg hugsar eit par år før sommaren då bjørnen drap så mykje sauer her. Men bjørn kan nok ha vore innom Luster også før 2006. Men utruleg “pent” flådd var det i alle fall. Ingen skinnfiller eller liknande.

Legg att eit svar