“Me ( – og “me” er fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag) må få sluttført fiskeplassrydding-prosjektet vårt. Me har gjennomført rydding som planlagt i 2007 og så har me nokre timar i 2008, men me treng nokre timar i 2009. Er det nokre plassar som treng ein innsats som du veit om eller skal ein berre gå over plassane? Kan du få med eit par personar ein ettermiddag å rydde/utvide fiskeplassane våre?”
Plassane er: Øy 2 plassar, Fåbergstølen 2, Ved Bresenteret 1, Gjerde 1, Haugli 1, Jostedal 1, Sperla 1, Fossøyane 1.
Dette er altså 100% frivillig arbeid som skal gjera nokre fiskeplassar lettare tilgjengelege. Arbeidet kan vera forskjellig, men rydding av skog, busk og kratt er ein vesentleg del.
Eit par timar ein kveld er bra.
Ta gjerne kontakt med Magnus Snøtun, Lasse Tuften eller Einar Ese. Det er lettare for oss å spørja folk som kan vera litt interesserte i slikt arbeid. Les om tidlegare dugnad på dette innlegget.
Elles kan du lesa smått og stort om fiske i Jostedøla her.
august 28, 2009 ved 9:02 pm |
Eit flott tiltak som eg håpar eg kan avsjå tid til å vere med på. Men grunna reise har eg ikkje tid før tidlegast laurdag 12. september.
august 29, 2009 ved 7:03 am |
Flott med positive folk