Tre lam drepne av gaupe. Lam og søye omkome på mystisk vis i Vanndalen

By eies

Eit lam er funne i Haugabakkane/Byggefeltet-området. Drept av gaupe.

To lam funne framom Bresenteret. Drept av gaupe. Det er påfallande at gaupa visstnok ikkje har ete noko særleg av lamma. Naturleg nok fortvilande for saueeigarane.

I Vanndalen har ein av dalens yngre saueeigarar mista ei søye og eit lam. Dei vart funne blant nokre steinar/i ei ur. Dødsårsaka var vanskeleg å fastslå, men etter det eies forstår kan ein ikkje utelukka at dyra er “sprengde”.  Dette kan likevel ikkje seiast sikkert.

Men uansett så er slikt uheldig for oss hundeeigarar. På vegne av alle hundeeigarar, må eies berre minna om bandtvangen. Det som er spesielt farleg, er viss to eller fleire hundar er lause, og byrjar å jaga. Uansett: Alle skal ha kontroll på hundane sine!

Legg att eit svar