Villreinobservasjon

By eies

Det første fotoet er teke over elvi og mot Sandaugedalen. Det siste er teke bortanfor hytta, opp mot dyregravi som ligg på toppen. Skal tru når det sist var rein ved Holmevatnet…

I dag var ein Jostedalsfamilie på Holmevatnet. Ved nest siste bekkeinntaket før vatnet såg dei rein, 2 stk. Seinare såg dei spora i snøen ved Holmevatnet og bort mot Klauvi. Det var også spor på andre sida av vatnet, utan at det var klart kva desse spori kom frå.

Dette var ei lita, men positiv melding med tanke på reetableringsarbeidet som er i gang.

Ei tilbakemelding til “Villreinobservasjon”

  1. eies seier:

    For eit par dagar sidan var ein Byggefelt-kar også på Holmevatnet og såg spor som KUNNE vera frå rein.

    Og i dag var eies på Handspiki og såg spor i snøen som KUNNE stamma frå rein. Det var i tifelle 2 – 3 dyr. Det rare var at det i tilfelle måtte vera små dyr. Dei reinane som har vore ved Styggevass-området tidlegare har alltid vore STORE bukkar. Diverre hadde ikkje eies med kamera.

Legg att eit svar