Luster sine to, tydelegvis glimrande, forhandlarar har vore i Skjåk og drege i land ein avtale der Ottadalen-Sør-stamma vert auka med ca 70 dyr (tilsvarar den “mystiske” flokken) ei tid framover . Noko slikt trudde eies var uråd å få til, og han tek av seg hatten og bukkar for Kjartan K. og Einar F.!
Sjølvsagt kunne kanskje enkelte tenkt seg ein endå større auke, men dette må ein etter mitt syn vera nøgd med. Litt skuffande for grunneigarane fremst i dalen at det ikkje vart nokon avtale om freding av Tverreggi, Mysubuttdalen og Syrtbyttdalen.
juni 19, 2009 ved 2:11 pm |
Viss ein no kan kombinera auken i Skjåk-stamma med saltsteinar, driving, evt andre tiltak, burde ein om eitt eller fleire år kunna forventa meir rein i Luster. For å gjennomføra driving/utlegging av saltstein, vil eg tru at det er bruk for ein viss dugnadsinnsats.