Aurefiske i junikvelden

By eies

Frå gamalt lærde eg at ein jeger eller fiskar aldri skulle fortelja om fangsten eller om kor eller korleis dette skjedde. Men tidene har forandra seg…

I kveld var sonen i huset vekke knapt ein time og kom att med denne fangsten. Han tykte ikkje han kunne fiska meir, sa han. Det beit heile tida.

Fin innstilling! seier faren i huset.

Den største vog 857 gram, heile fangsten vog 2, 7 kg.

Dei beit på ein blank Mepps.

(Og så er det visst tida for å pussa linsa, ser eg….)

4 kommentarar til “Aurefiske i junikvelden”

  1. jiljelasguten seier:

    Godt gjort! Tippar K-faktoren ligg godt over 1.00

  2. kjellrun seier:

    Eg vert rent fiskesjuk eg! Om eg vert invitert med på fisketur seier eg ikkje nei :-) Drit i jazzen!

  3. Bukken i Båten seier:

    Eg har brukt mange timar på å fiska i Brevatnet og Holmevatnet. Men fangsten samanlagt er kun ein brøkdel av denne fangsten teken i løpet av ein liten time.

  4. eies seier:

    Kanskje kokken var uheldig, men til middag dagen etter fekk aurane terningkast fire. Ikkje meir. Framleis held eg på det eg alltid har sagt at løkjafisk på vel ein fingerlengde er desidert beste fisken, sprøsteikte same kvelden. Innvolane må ut, elles kan ein gjerne eta både skinn og bein på slik snadder-fisk.

    Ingen av fiskane var raude i kjøtet. Men gode og mette vart me!

Legg att eit svar