Møtet var på rådhuset i Gaupne torsdag 28. mai kl 19.30.
Fylkesmannen i samarbeid med Luster kommune inviterte til ope møte om jerven i Indre Sogn.
Representantar frå Direktoratet for naturforvaltning, Mattilsynet, Rovviltnemnda og småfenæringa skulle ha innlegg.
I tillegg la ein jerveforskar fram nytt frå skandinavisk jerveforskning.
Møtet skulle bli avslutta med spørsmål og diskusjon.
—————————————————————–
VAR NOKON PÅ DETTE MØTET?
KANSKJE DEI VIL LEGGJA INN EIN KOMMENTAR… ?
mai 29, 2009 ved 8:43 pm |
Fint møte. Ca 65-70 personar møtte opp. Direktoratet for naturforvaltning stilte med 2 personar, leiar i rovviltnemda var der, rovviltkontakten i SNO var der og fylkesmannen stilte med 2 personar. I tillegg stilte fjelloppsyn og landbrukssjefen frå Luster kommune.
So var der ein forskar frå Sverige som hadde eit innlegg på ca 45 min. Dette var veldig interessant.
Møtet var i ein god tone, og eg kan vel seie at det er det beste møtet om rovvilt som eg har delteke på.
Det kan sjå ut til at det omsider har gått opp for direktoratet at det er ein stor jervebestand i Indre Sogn og dei uttalte at dei denne våren har starta arbeidet med å renske opp. Dei lova også langt på veg at dei ville følgje opp neste vinter. Dette er nye tonar frå den kanten og det kan gje grunn til litt optimisme når det gjeld jerveplaga for sauenæringa.
mai 29, 2009 ved 9:44 pm |
Det vart for hektisk for meg å få med møtet. Greitt referat, interessant med ei slik kort oversikt over kva som skjedde, takk til alb!
juni 7, 2009 ved 10:01 pm |
På Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si side ligg det eit referat frå møtet.