Hjort med GPS på veg opp Jostedalen

By eies

Ein hjortebukk: “Luster_bukk_gul_123″ er på veg opp Jostedalen. Etter som eg forstår, er det lagt inn nokre dagar forseinking i registreringa, så nøyaktig posisjon er det vanskeleg å slå fast.

Fylg med på kartet her

Det er meir å lesa om merkjeprosjektet her.

Rykte seier at bukken var i Elvøy 13.05., og han er visstnok observert på Øvregard.

Bukken skal ha GPS-en i eit gult halsband, og han har  gult øyremerkje.

9 kommentarar til “Hjort med GPS på veg opp Jostedalen”

  1. ha seier:

    Moro å fylgja med på kvar desse GPS-hjortane går. Men Luster gul 123 som er på veg framover i Jostedalen er ikkje så lett å fylgja med på. Den vart vel merkt på Eikjo i midten av april. Og gjekk opp mot Molden og beita fram til den 8/5. Etter det så er det ingen spor av den før den er komen forbi Alsmo den 12/5. Den 13/5 er den på høgd med Husøy. Kvifor vert det ikkje fleire opplysningar om denne hjorten. I dag er gps-hjort Luster gul 123 tilgjengeleg til den 13/5 medan Sogndal gul 124 viser fram til den 16/5 ( den er komen fram til Kvam på Veitastrand, etter å ha vore på Heggmyrane i perioden 20/4-15/5).

    Er det dårleg dekning på mobil mellom Marifjøra og Alsmo?
    For det er vel slik at dei gps-hjortane som kjem fram på nettet er avhengig av mobildekkning. Veit du noko om dette Einar?

  2. eies seier:

    Ne, eg veit ikkje mykje om dette. Men eg har formidla spørsmålet vidare, og så får me sjå.

    Det er dårleg mobildekning fleire stader, ma. mellom Stegegjerdet og Leirdalen (- so omtrent…) Og framom Fåberg er det heller ikkje dekning.

  3. eies seier:

    Ein blogg- og hunde-eigar her i dalen fortel at han i kveld har sett ein hjort med gult øyremerkje bortanfor Snøtun. Om han hadde gult halsband var verre å sjå. Me kjem attende når og viss det ligg føre sikrare opplysningar.

    SISTE: fos kan no stadfesta at hjorten har klave. Så då er det mykje som tyder på at det er bukken som er omtala ovanfor.

  4. ha seier:

    Med andre ord så ligg de litt føre teknikken no :-) .
    Moro å sjå korleis dei går desse hjortane. Og at trekket er slik som me har trudd det er.

  5. Hallvard Flatjord seier:

    Ver klar over at det vert lagt ut på kartet med ca 14 dagar forseinkning.
    Det kan vere dårleg mobildekning i området ,og er det eit trangt dalføre med høge fjell so kan det enkelte tider verte problem med å nå satelittane.Men det har som regel gått bra med det her i Sogn og fjordane.
    Ellers so skal eg prøve å få greie på dette med start på vårtrekket,om det er groen eller om lyset og kan virke kan virke inn.
    Vi snakkes

  6. eies seier:

    For å oppklara eventuelle misforståelsar: Hallvard Flatjord er “Initiativtager, leder og koordinator for merkeprosjektet i Sunnfjord og Ytre Sogn. Har lang fartstid som hjortejeger og en sterk interesse for forvaltning av hjort.” Les originalteksten her

    Det eg trur ut frå det eg har sett, er at kalendaren og lyset verkar mest inn på tidspunkt for trekket. Snøsmeltinga og groen verkar berre inn i “mindre” grad. Men kan godt henda eg tek feil. Artig å høyra kva forskarane meiner.

  7. eies seier:

    I går kveld var eies i Krundalen og studerte hjortane. Men han såg ingen hjort med gule merkje. Men der var nokså mykje hjort å sjå, særleg bortanfor Snøtun.

    eies håpar no at andre også vil vera på utkikk etter bukken. Han har halvveges fått ein avtale med innehavaren av ein av dalens beste kikkertar…

  8. eies seier:

    På kartet ser det ut til at bukken for ca 14 dagar sidan var mellom Grov og Breiskrea i Bergsetdalen. Men for knapt 1 veke sidan var han altså observert bortanfor Grov og heimom Bakkane, så “svar du meg på, kvar er han nå”…

  9. eies seier:

    I natt, klokka 00.26.10, fekk eies følgjande gladmelding: “Merkebukken på Snøtunsøygarden no.”

Legg att eit svar