Ein jerv vart i dag skoten ved Langefonni i Krundalen.
Nye opplysningar seier at det var ved Grøneskreda, litt lenger mot vest.
Det har vore rapportert om mykje jervaspor i år, og seinast i natt skal jerven ha vore innom reve-åta/åtlet til ein jeger i dalen.
Sameleis vert det fortalt at ein jerv til vart skoten ved Offerdalen, vest for Årdalstangen.
Men alt dette må førebels sjåast på som ubekrefta rykte.
——————————————————————
Hjå DN, på Rovviltportalen vert det no stadfesta at to jervar vart skotne i dag. To hannar – ein i Årdal og ein i Luster.
mars 23, 2009 ved 11:03 pm |
Då er det atter ein gong bekrefta at jerven ikkje er vanskeleg å skyte når ein får nytte moderne hjelpemiddler. Jegrane som har jakta på jerven i den ordinære jakta har ikkje samme moglegheit som SNO sine folk. Men dei lokale jegrane gjer so godt dei kan med alle begrensingane som dei har.
mars 26, 2009 ved 8:21 am |
To nye jervar felte i Sogn:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6542418
mars 26, 2009 ved 12:24 pm |
Det er no gitt løyve til å ta ut eit hi med tispe og ungar:
http://www.sognavis.no/lokale_nyhende/article4222099.ece
mars 27, 2009 ved 12:05 am |
Meinar du noko om dette eies?
mars 27, 2009 ved 7:16 am |
Som alle andre meiner vel også eg noko om dette. Viss nokon giddar lesa, så gå inn på “Vel kategori” og deretter “Rovdyr”.
Men når det gjeld rovdyr er det sterke kjensler ute og går. Det veit alle. Difor har alle partar lett for å tilleggja “motstandardane” andre synspunkt enn dei har.
Slik sett har eg nok vorte litt skuffa når vener og folk elles har karakterisert meg på måtar som eg absolutt ikkje kjenner meg att i.