For nokre dagar sidan var eg med på mitt første møte i Fiskegruppa i Jostedal Grunneigarlag. Dei andre to var LT og MS. Eg trur at noko av det gruppa skal ta seg av, er å organisera utsetjing av setjefisk. Dessutan vart det i haust merka og rydda ein del fiskeplassar.
Det kan sikkert seiast mykje om dette. For eksempel om det er lurt å visa turistane dei gode og hemmelege fiskeplassane våre.
Om ein skal rekna kiloprisen på auren som vert fanga i Jostedøla i høve til antal fisketimar, så vert nok fisken svært, svært dyr. Så tenkjer ein slik, så er det nok heilt sikkert andre ting vassdropane i elva burde ha vore brukte til.
Desse utskorne fiskane som EB har laga skal visa vegen til fiskeplassane.
Ein dugnadsgjeng i nærleiken av Båtedøla.
I Sildaløken er det heilt sikkert ikkje sild. Men fin sand.
Her har eg faktisk fått fisk. For fire år sidan. På sluk. Før 17.mai.
Fram mot Øy er det fint. Det er liten sjanse for å møta bjørn. Litt større sjanse til å sjå hjort eller elg. Men det er no artig det og.
Dugnadsgjengen oppsummerer dagen, og legg planar vidare.
LT har laga ein plan for fiskeutsetjingar i perioden 2004-2014:
| Plan for fiskeutsetting. (Jostedal Grunneigarlag og Jostedalsbreen statsalmenning) | ||||||||||||
| Navn på plass | Tilstand | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 |
| Viva, elv over vatnet | ||||||||||||
| Viva | Bør ikkje sette ut | |||||||||||
| Sprongdalshytta | ? Er utsett før | 200 | 200 | 200 | 200 | |||||||
| Sandhaugedalsvatnet | Ikkje Gyting? | 300 | 200 | 200 | 150 | |||||||
| Geisdalsvatnet | Ikkje Gyting? | 300 | 200 | 250 | 250 | |||||||
| Geisdalselva ved saltsteinane | Lite fisk øverst | 100 | ||||||||||
| Vetle Geisdalsvatnet | ? Er utsett før | 100 | 100 | 150 | ||||||||
| Skåldalstjørni | For mykje fisk | |||||||||||
| Vanndalsvatnet | For mykje fisk | |||||||||||
| Nigardsbrevatnet | lite men stor fisk | 200 | 300 | 300 | 300 | |||||||
| Haugafjellstølen | Bør ikkje sette ut | |||||||||||
| Røykjadalsvatnet | Lite fisk | 300 | 250 | 250 | 250 | |||||||
| Bakkedalsvatnet | For mykje fisk | |||||||||||
| Småvotni 3 tjønner | Bra | |||||||||||
| Tjønner over Småvotni | Tomt | |||||||||||
| Vatn 1152 under Liastølsbreen | ? | |||||||||||
| Kyrkjedalsvatnet 1309 | Tomt | |||||||||||
| Vassdalsvatnet | Bør ikkje sette ut | |||||||||||
| Elv over Vassdalsvatnet | ? Er utsett før | 100 | ||||||||||
| Vetledøla | Tomt | |||||||||||
| Jostedøla v/ Øy | Bør ikkje sette ut | |||||||||||
| Jostedøla v/ Fåbegstølen | 150 | |||||||||||
| Jostedøla v/ Fåberg | 50 | |||||||||||
| Bruvollelva v/Fåberg | 100 | |||||||||||
| Nigardsbreelva | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Gjerde | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Espe | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Geisdøla | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Vanndøla | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Prestgarden | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Sperle | ||||||||||||
| Jostedøla v/ Fossøy | ||||||||||||
| Krundøla v/Bergsetdalen | 100 | |||||||||||
| Krundøla | 50 | |||||||||||
| Holmevatnet | Bra | 200 | 250 | 400 | 500 | 500 | 500 | |||||
| Geisdalshalsane (2 vatn) | ? Er utsett før | 150 | 150 | 200 | 200 | |||||||
| Klauvatnet med elv | ? Er utsett før | 50 | 150 | 150 | ||||||||
| Vatn 1365 ved Holmevassbu | Fisken overlever | 100 | 150 | 100 | 150 | |||||||
| Tjønner over vatn 1365 | ? | 200 | 100 | 100 | ||||||||
| Slirevotni | Fisken overlever | 100 | 250 | 750 | 600 | |||||||
| Vatn 1425 | Tomt | |||||||||||
| Vatn 1490 | Tomt | |||||||||||
| Vatn 1431 | Tomt | |||||||||||
| Båtedalsvatn | Tomt | |||||||||||
| Styggevatn / Austdalsvatn | Tomt ??? | |||||||||||
| Kupevatn | Svært lite fisk | |||||||||||
| totalt antall fisk | 1300 | 1100 | 1100 | 1300 | 1000 | 1000 | 1000 | 1000 | 1000 | 1000 | 1000 | |
| Oppdatert 06.12.2007 | ||||||||||||
januar 13, 2008 ved 8:44 am |
Å leggje til rette for fiskeplassar er eit flott tiltak som eg støttar 100%. Eg lova LT å vere med, men det kom noko i vegen. Men skal det gjerast meir dugnadsarbeid, so ta kontakt. So må de ikkje ha otte for kiloprisen. Eg er redd du kan leggje på nokre nullar på kiloprisen på sjøauren (eller var det laksen) som no kjem seg frå Alsmo til Fossøygjelet. Om han gjer det då….
januar 13, 2008 ved 9:08 am |
Folk som tilbyr seg å vera med på dugnadsarbeid er gull verdt!
Ryktebørsen seier at det er observert laks/sjøaure ved Fossahølen (- eller kva han no heiter.) Fiskekunnige ventar spent på rapportar om sjøfisk fanga i Fossøyane og framover. Det er mest ingen som fiskar i Storelvi her, så…
Eg har heller ikkje stor otte for kiloprisen (- det er fleire nullar der dei kjem frå. Men det torer eg ikkje seia høgt, for då seier folk berre at eg mobbar konsernet. Og mobbing er stygt, har eg lært.)
No har eg mest heilt slutta å gå på ski, TT! Mine MSR Denali Ascent er eg særs nøgd med. Med min fysikk og mine skiferdigheiter, er dei mykje betre utom oppkøyrde løyper. Du kan få litt klimakvote (- eller kva det no heiter) hjå meg, no, sidan eg ikkje treng køyra bil til Bjønnstegane lenger. Men no må eg koma meg ut og opp i skogen…
januar 15, 2008 ved 8:42 pm |
Glimrande tiltak dette med fiskekort! Eg har årskort for 2007, og håpar eg også kan få kjøpt for 2008. Som TT stiller eg meg sjølvsagt til disposisjon for dugnadsarbeid.
I Gris-uri er det tjuvfiske som er alternativet, eller? Det hadde vore fint om det hadde vore håp om å få ein sjøaure på dette “Jostedalskortet”…
januar 15, 2008 ved 9:41 pm |
Det går rykte om at storfiskarane ynskjer å innføra minstemål. Eg er litt skeptisk.
Men eg forstår at dei ikkje ynskjer at all yngelen som vert klekkt ut td. i Grisurdi eller Myten skal fiskast opp. Viss ein bestefar vil ta med barnebarnet på løkjafiske, så sanneleg tykkjer eg dei kan ta med seg eit par steikefiskar heimatt!
Men eg forstår at dette er eit ømtålig tema. Kanskje eg blir ekskludert fra fiskegruppa. Kan ein eller slags “bag-limit” vera løysinga?
Born og ungar fiskar mykje mindre no enn før. Kva om ein innførte ein klasse med raunetroa og messingstreng i staden for snøre. Det brukte dei visst før. Eit slags nostalgi-fiske.
Tykkjer ikkje at dei med neopren-vadarar og karbonstenger til mange tusen kroner skal ha monopol på å meina noko om fiske!
Fisk meir, og ta ungane med dykk!
januar 15, 2008 ved 10:14 pm |
Var det dette du meinte med “tjuvfiske” som alternativ i Grisurdi?
august 27, 2009 ved 9:25 pm |
[...] Ese. Det er lettare for oss å spørja folk som kan vera litt interesserte i slikt arbeid. Les om tidlegare dugnad på dette [...]