Desse bileta har eg vore så heldig å få tilsendt frå Trond Rune Flikki. Tenk om også fleire ville fotografera og registrera fangstminne i Luster sin del av Breheimen! I tillegg til den reint lokalhistoriske verdien, er dette argument for reetablering av ei villreinstamme i området.
Eg har ikkje sjølv vore der bileta er tekne:
Dyregrav, Hammarsdal.
Dyregrav, Kongsdal. Ein ser at begrepet “dyregrav” ikkje er heilt godt. Heller ikkje “fangstgrop“, som er brukt ein del i faglitteraturen. “Fangstbås” hadde kanskje vore betre.
Denne dyregravi illustrerer svært godt den byggeteknikken som oftast vart brukt, i alle fall i Jostedalsfjelli: “Dyregravi” vart bygd over bakkenivå, og så vart stein og masse fyllt innåt etterpå. Litt “dandering” med jord og mose til slutt, og så var alt klart. Jorda og mosen har sidan vorte vaska vekk av vêr og vind.
Restar av dyregrav? Lagerplass? Kongsdalsvatnet.
Dyregrav/dyregraver? Kringlekongsdalen.
Midtfjellet. Kva kan dette vera – to sirklar/halvsirklar? (Trur eg veit svaret…)
Ute i denne vesle tjørna som lokalt vert kalla Jøgravatnet er det nokre “artefakter” – menneskeskapte stein-formasjonar.
Skarsstølen. Mur – tuft?

