Nils J. Røysum, bjørneskyttar, 1854 – 1939

januar 10, 2012

Af en norsk bjørnejægers oplevelser

I julehelga las eg  boka Valentin Voss: “Af en norsk bjørnejegers opplevelser.” Nils J. Røysum var frå Leikanger i Sogn. Boka er ikkje spesielt velskriven etter dagens målestokk. Ho er likevel eit “must” for alle som er opptekne av bjørnens liv og lagnad – eller det motsette. Boka er gitt ut på nytt på SKALD forlag, kostar kr 149, og kan bestillast her.

Den mest tragiske hendinga han kom ut for, var i heimebygda mi, Balestrand. Ein skada bjørn gjekk til angrep på ein jeger. Nils skulle skyta bjørnen, men jegeren døydde. Det vart i ettertid antyda at jegeren var treft av ei kule, og at kula kunne stamma fra Nils sitt gevær. Ei slik hending sette sine merkje, og viss eg hugsar bestefar min rett, så var dei siste orda til jegeren: “Nei å nei! Detta skulle de ikkje ha gjort, kara!” Men det oppstår ofte vandrehistoriar etter slike sjokkarta opplevingar. Les her.

Nils var nok ein dyktig jeger og skyttar. At han skaut på bjørn i rørsle på over 400 m avstand, verkar nok overraskande på dagens jegerar. Men normene for kva som var forsvarleg jakt var heilt annleis før, i alle fall når det galdt bjørnejakt. Sameleis at han skaut 16 rein på to minutt. Dette vart rekna som ein stor prestasjon, den gongen. Hadde han gjort det same i dag hadde han fått ei svær bot – truleg hadde han hamna i fengsel.

Oldebarnet hans skreiv slik: “Dei siste åra Nils levde vart det snakk om å frede bjørnen, noko han tykte var bra.”

Les meir her:

NRK

Fylkesleksikon

Kjell Røysum

 

Hare og harespor

januar 8, 2012

Wachtelhunden vår skal etter planen delta på ein prøve i Sverige til sommaren/hausten. Du kan lesa om prøven her. Vil du vita endå meir, les her.

Eit av momenta er at unghunden skal visa korleis han oppfører seg når han møter eit harespor.

Wachtelhunden er ein kortdrivande hund. Det vil seia at flesteparten av hundane ikkje driv viltet meir enn nokre minutt. Det er ein av grunnane til at rasen truleg eignar seg godt til hjortejakt her på Vestlandet.

For å førebu oss på prøven, kunne eg ha tenkt meg at eg saman med Ulva får gå gjennom eit skogholt eller liknande der det er ein viss sjanse for at det er hare. Utanfor tenkte eg at ein eller fleire jegerar står klar med haglene sine. Dersom du kunne ha tenkt deg å vera med på dette forsøket, hadde det vore fint. Viss det vert skote ein hare og Ulva får spora fram til der haren ligg, lovar eg belonning/godtgjersle. Sameleis viss nokon skyt ein hare, let haren liggja og ringjer meg slik at me kan spora fram til den daude haren. Godtjersle også her – gjerne frå butikken på Pyramiden som er open berre torsdag, fredag og laurdag.

Maltrakteringssaka oppklara!

januar 8, 2012

Mysteriet med den maltrakterte og vandaliserte marsipanmodellen som eies hadde laga, er no så godt som oppklara. Den mistenkte hadde restar etter marsipan under venstre framfoten. Rett nok sette ho fram ynskje om at ho ville ha denne forsvarsadvokaten. Men ho måtte berre innsjå at han akkurat no var oppteken med ei anna rettsak.

Villreinbloggen reknar dermed denne saka som opp- og avklara.

Foto av mistenkte

januar 8, 2012

Villreinbloggen har fått tak i bilete av eit mistenkeleg individ. Bileta er uskarpe og kan neppe brukast i ei evt. rettsak. Men dei indikerer likevel at det her truleg er snakk om den skuldige.

Villreinbloggen fylgjer saka vidare.

Maltraktert marsipanmodell

januar 7, 2012

Det viser seg at Styggevatnet er fysisk fjerna frå modellen! Det same er gudbrandsdølene Dalen og Granum, vingstrerepresentantane Alme og Bruheim, utsetjingsforkjemparane Lilleeng, eies og Colman. Men utanfor bildekanten rapporterer Villreinbloggen at også Reetableringsnemnda er sporlaust borte ! ! ! Påfallande er det at DN ved Danielsen er urørt, og heldigvis ser det ut til at alle villreinane er i god behold.

Villreinbloggen kjem med meir!

SISTE: Marsipanmodellen av villreinprosjektet maltraktert ! ! !

januar 7, 2012

I går kveld eller tidleg i natt har truleg vandalar teke seg inn i Haugåsen 17 og mishandla på det grovaste marsipanmodellen av villreinprosjektet. Det er på det noverande tidspunkt vanskeleg å seia noko om motiv for ugjerninga. Villreinbloggen kjem tilbake med bilete og reportasje i løpet av dagen.

Marsipanmodell av villreinprosjektet

januar 3, 2012

Tolkingar og forklaringar til marsipanmodell osb.

januar 2, 2012

Like før jul føreslo ein god ven at eies som juleførebuing kunne laga ein marsipanmodell av villreinprosjektet. Av ymse grunnar vart det ikkje noko av dette, men i dag, 02.01.2012, er likevel modellen ferdig.

Ei grunnleggjande lov for kunstnarar seier at du aldri skal gi deg ut på forklaringar og diskusjonar kring kunstverket du har laga. No er det tvilsamt om det er grunnlag for å kalla eies for kunstnar. I høgda er ein dårleg til middels handverkar og amatør.

Grunnlaget for prosjektet er at J. Colman vart tilsett (etter tilråding frå Luster landbrukskontor) som fagkonsulent for å laga ein prosjektrapportom “Reetablering av villrein i Luster”. Reetableringsnemnda (med sterk støtte frå Luster landbrukskontor) forkasta denne rapporten.

På marsipanmodellen ser me reetableringsnemnda nede til høgre. Dei vil ikkje gjera noko aktivt tiltak for å få villreinen hit, og har difor sett seg i ein sofa. Dei smiler og er fornøgde, sjølv om villreinen ikkje har trekt over til Luster.

Lenger til venstre står det tre personar med geipen (munnvikane) nedover. Det er M. Lilleeng, J. Colman og E. Ese. Dei er misfornøgde og har surefjes.

Litt lenger til venstre står det fem stk. Dei symboliserer jostedøler. Saman med E. Ese er dei forundra over kvifor ikkje reetableringsnemndi vil føreslå å freda Tverreggi. Jostedølene er kloke, og det er svært få av dei som ope har tona flagg i denne saka. Men nokre er det.

Heilt nede til venstre ser me Bruheim & Alme Frå Luster Venstre. Dei er stort sett dei einaste som har forsvart konsulenttilrådinga frå Colman.

Oppe til venstre ser me ein modell av Styggevatnet, og over der igjen nokre digre reinsbukkar som merkeleg nok har trekt hit om sommaren.

Litt lenger til høgre står det fire gudbrandsdøler. Trur det må vera K. Granum og B. Dalen – kven dei andre to er, er eies ikkje sikker på.

Mellom Sprongdalen og Sumarkvile er det på Gudbrandsdalssida freda eit område for villreinjakt. Vonde tunger påstår at her ikkje er so mykje rein, akkurat. Det vil ikkje eies utala seg om. På lustra-sida er all villrein freda.

Heilt opp til høgre står J. Danielsen frå DN. Han har “all makt” (nesten) og kruna på hovudet hans er eit symbol på det. Han står på ein høg pidestall og skodar utover Ottadalen villreinområde.

Sjølv om det er store mengder rein på Skjåk-sida, er det så godt som ingen som trekkjer over til Luster. Viss bukkane har ein snøggtur inn i Nørstedals-området, er dei snøgge til å kliva over grensa att til Skjåk. I sommar har ingen sett rein på Lustra-sida. Ikkje ein gong i (Det-er-lugumt-med-rein-) Krossbakkane.

På lustrasida er det grønt og godt beite, på Skjåk-sida gult og litt dårlegare beite. Bukkane har svære gevir, simlene har pingle-horn og kalvane er modellerte utan gevir. Grensa mellom Skjåk og Luster er raud, som seg hør og bør.

Jostedalsbloggane er daude, leve facebook!

desember 30, 2011

Var 2011 året då jostedalsbloggane vart daude og så godt som uinteressante for nettbrukarar flest? Mykje tyder på det, og at facebook no har overteke.

Men eg er ikkje sikker på om dette er positivt eller negativt.

 

 

Veks hjortestamma framleis…?

desember 30, 2011

Så godt som alle jaktkameratane mine påstår at hjortestamma no har passert toppen, og at ho no er på veg nedover. Dei ropar nærast eit “varsko” om dette.

Då eg tok til med hjortejakt i Ese på 70-talet høyrde eg mange forteljingar om kor mykje og stor hjort det var i “gamle dagar”.  Såg ingen grunn til å tvila på det.

Snakka eg med dei som jakta ryper, orrfugl, hare…., var svaret det same: Før – i gamle dagar, då…..  Sameleis med fiskarar: Det var mykje meir laks, sjøaure, sild, makrell, kveite, størje … i fjorden tidlegare.

Så flytte eg til Jostedalen. Det gjekk nokre år før eg var så heldig å få vera med på jakt, men omkvedet var det same her, heile tida og i heile dalen: Før, då var det verkeleg vilt i skogane! Rett nok tilsto dei  fleste at hjortestamma her i dalen hadde auka dei siste par tiåra, MEN dei siste 3 -4 åra hadde hjortestamma likevel gått tilbake.

Er dette rett, og korleis skal ein finna ut kva som er rett….? Me har fellingsstatistikkar og Sett-Hjort-skjema, men kor mykje ein kan lita på desse siste, er det usemje om. Teljingar har mange kommunar drive med, men lite her i Luster. Og teljingar må vel utførast etter ein plan og helst over ein periode på minst ti år, viss dei skal vera brukande.

Då sit me att med synsing, og den metoden er kanskje den mest pålitande, merkeleg nok…  Men mi erfaring frå Balestrand er at spør du ein grunneigar, bonde, fiskar eller jeger om kor mykje fisk eller vilt det er i sjøen eller skogen, då vart du alltid møtt av hovudristing, og fortal om kor mykje betre alt var før…


Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.